Hardanger på sitt beste - fire ferdigpakka eventyr

Book Hardanger Fjord Cruise

Opplev Hardanger-regionen – her er fire autentiske opplevingar som er enkle å booka.

rose

Frå buldrande fossefall og spektakulære fjordar til skjulte perler og smaken av Hardanger frå fruktgardane – her er det aldri langt mellom dei store inntrykka. Og det beste av alt? Med den lokale aktøren Book Hardanger finn du alt på ein og same stad. Dei har plukka ut fire pakkar som gjev deg ein smakebit på alt det vakre, ville og velsmakande regionen har å by på – uansett om du reiser utan bil, er på dagstur, eller ønskjer ei roleg oppleving med utgangspunkt frå Voss.

Book Hardanger Latefoss
Book Hardanger Fjord Cruise
Book Hardanger Fjord Cruise 03
rose

Dagstur til Åkrafjorden – ei reise langs fossar og fjordar

Likar du rolege rytmer og stor natur, er denne dagsturen frå Odda eit funn. Du startar ved mektige Låtefoss, køyrer gjennom frodige dalsider og kjem heilt inn til den bortgøymde perla Åkrafjorden – der du får oppleva Langfoss, kåra til ein av verdas vakraste fossar, frå fjorden sjølv. På tilbakevegen ventar Rullestadjuvet – ein naturleg finalescene på ein dag full av wow-øyeblikk.

Sesong: juni – august

Pris: frå kr 1 990,-

Avgang frå: Odda sentrum

Varigheit: Ca 5 timar

Les meir og bestill turen

Vøringsfossen av Simon Sjøkvist 2
Vøringsfossen Bru Marvin 3
Voringsfossen Tor Hveem
Voringsfossen by Ewa Serwicka
rose

Til topps ved Vøringsfossen – Noregs svar på Grand Canyon

Du treng ikkje bil for å oppleva den kanskje mest spektakulære fossen i Noreg. Denne turen frå Eidfjord tek deg opp til Vøringsfossen, der vassmassane stupar heile 182 meter ned i Måbødalen. Nyt utsikta frå spektakulære plattformer, gå over trappebrua – eller ta ein kaffikopp på historiske Fossli Hotel - ein gamal favoritt hos Edvard Grieg. Turen passar for dei fleste – og hovudutsikta til fossen er tilgjengeleg også for rullestol og barnevogn.

Sesong: mai – oktober

Pris: Frå kr 399,-

Avgang frå: Eidfjord sentrum

Varigheit: Ca 2 timar

Les meir og bestill turen

Web VHF Ulvik Siderruta Haara 2021 C35 A8196
Hardanger saft og siderfabrikk 01 2
Hardanger saft og siderfabrikk 03 2
rose

Sidersmaking i Ulvik – smaken av Hardanger

Du treng ikkje bil for å besøka dei prisvinnande produkta du finn langs Frukt- og Siderruta i Ulvik. Ta bussen frå Voss til Ulvik, rusle gjennom frukthagar og ta turen innom ein av dei tradisjonsrike gardane der verten tek deg med på ei guida smaking blant eple, eikefat og ekte Hardanger-kultur. Du får god tid til å oppleva perla Ulvik også – kanskje med ein lunsj ved fjorden, eller eit besøk innom Olav H. Hauge-senteret?

Sesong: mai–september

Pris: Frå kr 500,-

Avgang frå: Voss sentrum

Varigheit: Ca 6 timar

Les meir og bestill turen

Ulvik Marvin Kuhr web pg
Ulvik RIB Book Hardanger 07
Ulvik RIB Book Hardanger 05
rose

Fjordeventyr med RIB – rett frå Voss

Treng du eit lite kick? RIB-turen til Hardangerfjord Adventure tek deg rett inn i fjordlandskapet – og det i høg fart. På under to timar får du kjenna vinden i håret, høyra gode historiar frå lokalkjente guidar, og koma heilt inn i den rolege Osafjorden – ein avstikkar dei færraste kjenner til. Fjordeventyr med puls, historie og slaånde vakker natur – perfekt for dei som er på jakt etter noko litt annleis.

Sesong: mai–september

Pris: Frå kr 1 549,-

Avgang frå: Voss sentrum

Varigheit: Ca 6 timar - sjølve RIB-turen tek 1 time og 45 minutt

Les meir og bestill turen

rose

Kva er Book Hardanger?

Book Hardanger er ei lokal bookingteneste med base i Eidfjord. Her finn du ei rekke aktivitetar og opplevingar frå heile Hardanger – alt frå guida turar og fjordcruise til matopplevingar og komplette dagspakkar. Tenesta blei etablert i 2022 og er delvis eigd av reiselivsnæringa i regionen. Med Book Hardanger får du enkel tilgang til dei beste lokale opplevingane – uavhengig om du reiser på eiga hand eller via turoperatør.

Utforsk fleire opplevingar på bookhardanger.com

Sjå alle

Fleire reisetips