Folgefonna Husky Camp

Bli med på uforgløymelege huskyeventyr med Folgefonna Husky Camp - lokalisert på Noregs tredje største isbre! Spennande hundekøyring, storslagne vandreturar med husky, kvalpekos og minneverdige overnattingsutflukter er noko av det som venter deg på Folgefonna husky camp.

Booking

Om

Bli med den kjende norske eventyraren Moa Hundseid og huskyane hennar på ei uforgløymeleg friluftsoppleving på Folgefonna isbre! Folgefonna Husky Camp tilbyr ei rekkje huskyopplevingar - fartsfylt sledekøyring, storslagne vandreturar med husky, og minneverdige overnattingsturar. Bli kjend med dei sjarmerande huskyane deira, kos med huskykvalpane, og opplev den unike leirplassen deira med knitrande bål, mjuke reinsdyrskinn, autentiske samitelt og smakfull lokalmat.

 

Sesong: Mai-Juli

Turane deira:

Halvdagstur: Ein halv dag med hundekøyring i dei fantastiske omgjevnadane på Folgefonna isbre. Varigheit: 4 timar, pris: 3700 NOK

Overnattingstur: Den mest unike opplevinga deira! Tilbring ein halv dag med hundekøyring før resten av kvelden og natta tilbringes på leirplassen deira på Folgefonna isbre. Varigheit: 20 timar, pris: 6900 NOK

Besøk huskycampen: Besøk den unike leirplassen deira ved Folgefonna isbre og tilbring kvalitetstid med dei søtaste huskyane og kvalpane deira! Varigheit: 3 timar, pris: 1200 NOK

Vandretur med husky: Bli med på ei magisk vandring ved Folgefonna isbre saman med huskyane - dette er verkeleg ein uforgløymeleg oppleving kor ein kjem tett på den vakre naturen. Varigheit: 3 timar, pris: 1200 NOK

Aktiviteter
Gradering
Natur og terreng
Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
Fra kr
1200,00
*Pris frå