Sidertur på Hardangerfjorden, med overnatting i Kinsarvik.
BookingDenne opplevelseshelga startar med ein røff matopplevelse i lavvo i Kinsarvik fredag kveld kl. 19:00. Først kan alle verta litt kjende, og deretter kan avtalar verta laga for neste dag. Innkvartering skjer i hytter hjå Kinsarvik Camping med innsjekk kl 15:00 -19:00.
Laurdag blir de henta av RIB båt frå Hardanger Fjordsafari frå Kinsarvik Hamn kl. 11:00. Turen går sørover i retning Lofthus, me tar oss tid til å studere litt fugle og dyreliv på vegen. Tanken er å bruke ein time på fjorden før de vert satt i land på Lofthus. Der får de ei sidersmaking på Ekspedisjonen Skjenkestove, som også eigenproduserer sider. Etterpå vert det ein tur til Helleland Gard, som produserer merkevara Heldre, for prøvesmaking. Med gardsutsal for sider vert det også mogeleg å handle med seg sortane ein har prøvesmakt.