Topptur i panoramaparadiset Hardanger

Slåande utsikt til fjell, fonn, fjord og vidder kombinert med spanande og leiken nedkøyring gjer topptur i Hardanger til eit eventyr utan sidestykke.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Nettside

Om

Topptureldorado i Hardanger 

Her er ikkje utfordringa å leite opp fjell som eignar seg for toppturar - men heller tvert i mot å velge ut kven av dei over 30 toppane eventyret skal byrje på. Anten ein ynskjer lange nedkøyringar med storslagen fjordutsikt eller å boltre seg i pudderparadiset på høgfjellet, byr Hardanger på toppturar for ein kvar smak.

 

Hovudsesong: Februar til mai

Anbefalt nivå: Nybegynnar til ekspert

Mest populære topptur: Oksen

Skiterreng: Eit stort spekter av ulikt skiterreng. Rosendalsalpene med luftige tindar og bratte nedkøyringar, pudderparadiset Røldal som er eit av dei mest snørike områda i heile Europa og panoramatoppane rundt Hardangerfjorden med 360 graders utsikt til fjell, fonn og fjord.

Overnatting: Hoteller, hytter og tretopphytter

 

Eit breitt spekter av moglegheiter

Variasjonen i toppturterrenget i Hardanger er enorm. Her får du alt du er ute etter - og litt til! Frå panoramatoppane som omkransar Hardangerfjorden med 360 graders utsikt til fjell, fonn og fjord, til luftige tindar i Rosendalsalpene, og pudderparadiset Røldal lokalisert i eit av Europas mest snørike område. Med store snømengder og lange sesongar varer topptureventyret i Hardanger til langt utpå våren. Er du usikker på kvar eventyret skal starte er desse fire områda ein sjølvfølge å notere ned på bucketlista:

Oksenhalvøya

Fjella rundt Hardangerfjorden er unike når det kjem til toppturverksemd med sine lange nedkøyringar kombinert med spektakulær fjordutsikt. Innerst i Hardangerfjorden ligg Oksenhalvøya og tronar midt mellom fire langstrakte fjordarmar og byr på ei panoramautsikt utan sidestykke. Dette er med andre ord kanskje det toppturområdet i Hardanger med aller best utsikt, og her ligg tre av dei mest populære toppturfjella i regionen, Oksen, Ingebjørgfjellet og Midtfjell, på rekke og rad.

 

Frå Fjord til Fjell: Oksen midt i fjordparadiset - Guida Rib- og topptur med Hardangerfjord Adventure

Saman med Hardangerfjord Adventure kan du kombinere ein eventyrleg ribbåttur med topptur til Oksen. Den 1241 meter høge toppen ligg ytterst på kanten av Oksenhalvøya og byr på ei slåande 360 graders utsikt til fjord, isbrear, vidder og fjelltoppar. Dette er turen for deg som likar ei bratt oppstigning med panoramautsikt og leiken nedkøyring som belønning for strevet. Les meir om pakken her.

 

Folgefonna Isbre

Folgefonna isbre er den sørlegaste breen i Noreg og er landets tredje største isbre. Breen er kanskje mest kjend for sommarski og spektakulære blåisvandring i sommarsesongen, men byr også på ei rekke eventyrlege opplevingar i vinterhalvåret. På Folgefonna kjem ein tett på den ville og rå naturen, og med djupe bresprekker og ustabile lag i breen krevs det derfor ytterlegare kunnskap utover den grunnleggande toppturkompetansen for å sikre trygg ferdsel. Derfor er det særs viktig å ikkje ferdast på breen utan kompetente guidar med på laget.

 

Frå Fonn til Fjord: Ei fantastisk krysning av Folgefonna med Folgefonni Breførarlag

Bli med Folgefonni Breførarlag på ei fantastisk krysning over Folgefonna med over 1500 høgdemetre spektakulær skikøyring heilt ned til Hardangerfjorden. Denne toppturen byr på ei unik reise gjennom dei fantastiske kontrastane i Hardangernaturen: bre, fjell og glitrande fjord. Les meir om pakken her

 

Rosendalsalpene

Dei storslagne Rosendalsalpene som omkransar den sjarmerande bygda Rosendal skiljer seg frå resten av fjella i Hardanger med sine ekstra spisse tindar og stupbratte fjellsider, og med storslagen utsikt til Folgefonna og Hardangerfjorden byr dei verkeleg på spektakulær skikøyring. Topptursesongen i desse fjella varer ofte langt ut i mai/juni og her finn ein turar for ein kvar smak blant populære toppar som Melderskin, Bjørndalstind og Gygrastolen.

 

Frå fjord til tind: Spektakulære Gygrastolen med Hardangerfjord Adventure

Saman med Hardangerfjord Adventure kan du også her kombinere ribtur med fantastisk topptur til Gygrastolen. Gygrastolen rager 1339 meter over fjorden l og byr på lang og leiken nedkøyring gjennom variert fjell- og skogterreng heilt ned til fjordkanten. Les meir om pakken her

 

Pudderparadiset Røldal

Fjellbygda Røldal er eit av Europas mest snørike fjellområde. Her finn du den beste pudderkøyringa i heile regionen, noko som utnyttast godt vinter etter vinter av blant anna Røldal skisenter og arrangement som Røldal Freeride Challenge. Pudder på pudder i kombinasjon med bratte heng og fjellsider skaper den perfekte leikeplassen å boltre seg i.

 

Vinteradrenalin med Trolltunga Active: Trolltunga Active kjenner Røldal og nærområdet som si eige lomme og er ekspertar på å finne dei beste områda for pudder og leiken skikøyring. Les meir om pakkane deira her

 

 

Sikkerhet på tur - i trygge hender med lokal guiding

Fjella i Hardanger er massive med stupbratte fjellsider i alle kantar. Sjølv om dette både er majestetisk og storslagent er det også eit vér- og skredutsatt terreng. Før ein legg ut på topptur er det derfor svært viktig å gjere seg kjend med fjellområda ein skal ferdast i, og sjekke både vér- og skredvarsling. Det er også viktig at ein har forberedt seg godt med utstyret og kompetansen som krevs for å ferdast i vinterfjellet. Les om korleis du ferdes sikkert i fjellet her. Er ein ikkje kjend i områda ein skal ferdast i bør ein alltid ha med seg lokalkjende. Hardangerregionen har fleire kompetente guidar som ikkje berre innehar lokalkunnskap om fjella og skredsikker ferdsel, men som også har eit brennande engasjement for å skape minneverdige naturopplevingar! Guidane tilpassar derfor turane etter snø- og vérforhold og deltakaranes ferdighetsnivå slik at turane blir eit minne for livet.

Kontaktinformasjon til dei ulike guideselskapa:

 

Hardangerfjord Adventure: 

Telefon: +47 932 04 417

Email: post@hardangerfjord-adventure.no 

Booking: https://hardangerfjord-adventure.no/vinter-fjellet/

 

 

Folgefonni Breførarlag: 

Telefon: +47 951 17 792

Email: post@folgefonni-breforarlag.no

Booking: https://www.folgefonni.no/tours#skiing

 

 

Trolltunga Active: 

Telefon: +47 991 12 121

Email: mail@trolltunga-active.com 

Booking: https://www.trolltunga-active.com/book/todo

 

Afterski i hjarte av nasjonalromantikken

Etter ein heil dag med skia spent på beina er det ingen annan verdig avslutning enn afterski på ekte Hardangervis. Kople av med eit avslappande besøk i Heit Sørfjorden Sauna, spaavdelinga på Hotel Ullensvang eller det flotte Hardangerbadet tilknytt Hardangerfjord Hotel. Eit besøk i Hardanger er heller ikkje komplett utan å få ein skikkeleg smak av Hardanger og den prisvinnande Hardangersideren, gjerne kombinert med middag på ein av dei mange lokale kulturrike restaurantane

Kart