Velkomen til Olaløo - ein av dei beste gardsrestaurantane på vestlandet.

Booking

Om

Me kan tilby selskap og arrangement av alle slag. Lokal mat, lokale tradisjonar midt mellom fjord, fjell og fonn. Ynskjer du flotte og naturlege omgjevnadar til bryllup, konfmirmasjon, dåp, jubileum eller julebord? Då kan me hjelpe deg! I tillegg tek me i mot grupper for lunsj, middag eller kaffi/kake på førehandstinging, om det er elevar på skuletur, sightseeing grupper frå cruisebåt eller buss. Olaløo er også godt egna til kurs og konferanse, inviter gjerne kollega på seminar med eit godt måltid attåt. Om våren og hausten er kafeen open kvar sundag. I den hektiske turistsesongen frå slutten av juni til starten av august held kafeen ope kvar dag.

Olaløo ligg i vakker til i Bondhusdalen, eit godt utgangspunkt for turar i Folgefonna nasjonalpark, kombiner gjerne med eit godt måltid i løo. Treng du overnatting, breførar, guide eller båtplass bistår me gjerne med informasjon. 

Atmosfære
Mat og drikke
Sesong

Kart