Restaurant Baronen - Rosendal Fjordhotel

Restaurant Baronen på Rosendal Fjordhotel byr på smakfulle måltid i nydelege omgjevnader med panoramautsikt mot Hardangerfjorden.

Booking

Om

Ved fjordkanten i idylliske Rosendal finn du Restaurant Baronen Rosendal Fjordhotel.

Her byr kjøkensjef Jon Aga på ein smakfull meny med lokal inspirasjon og råvarer av høg kvalitet. Den velrenommerte kokken har lidenskap for ekte, heimelaga mat, med stort fokus på kortreiste råvarer. Saman med den gode kunnskapen til husets sommelier, får du servert kulinariske opplevingar der mat og drikke harmonerer på beste vis. Sommelieren gjev gjerne råd om både vin og sider som løftar opplevinga.

Restaurant Baronen byr på tre-rettars middag frå klokka 19.00 kvar dag, og på førespurnad kan du også få ein fem-rettars middag. I lågsesong er lunsj tilgjengeleg på førespurnad dersom ein bestiller i god tid.

Atmosfæren er både elegant og avslappa, med plass til om lag 150 gjester. Dei store vindauga opnar rommet mot Hardangerfjorden og dei mektige fjella omkring, og skapar ei ramme der natur, kultur og smaken av regionen møtest ved bordet.

Velkomen til Restaurant Baronen!

Generelle fasiliteter
Handikap
Mat og drikke
Prisnivå
Sesong

Kart