Viktig informasjon om Trolltunga – stengt veg

2 web 16x9 Visit Hardangerfjord - Trolltunga Adventures

Skjeggedalsvegen, vegen til startpunktet for turen til Trolltunga, er stengt grunna akutt rasfare og sikringsarbeid. Det er ikkje lov å ferdast på vegen, verken med bil, sykkel eller til fots – men Hardanger har framleis mange flotte turar og opplevingar å by på i området. Sjå her for meir informasjon.

rose

Det har den siste tida vore fleire rashendingar på Skjeggedalsvegen, og Ullensvang kommune har difor stengt vegen mellom P1 Tyssedal og P2 Skjeggedal. Stenginga gjeld all trafikk og ferdsel.

Det betyr at det ikkje er mogleg å koma seg til Skjeggedal, Mågelitopp eller startpunktet for turen til Trolltunga så lenge vegen er stengt. Det er heller ikkje lov å passera sperringane til fots.

Bakgrunnen for stenginga er akutt rasfare og naudsynt sikringsarbeid i området. Tryggleiken til dei som ferdast her har høgaste prioritet, og stenginga må respekterast.

Vegen er i første omgang heilt stengt fram til 8. juni. Etter dette er det venta styrt trafikkavvikling medan sikringsarbeidet held fram ut juli. Tidspunkt kan endra seg dersom situasjonen i området krev det, og me ber alle reisande om å følgja oppdatert informasjon frå Ullensvang kommune og Trolltunga.

Me forstår godt at dette er skuffande for deg som hadde gledd deg til turen til Trolltunga. Samstundes er dette eit område med reell rasfare, og det er viktig at alle respekterer sperringar og informasjon frå styresmaktene. Å trossa stenginga er både farleg og eit brot på eit juridisk bindande vedtak.

Trolltunga ligg der framleis – og me gler oss til å ønskja deg velkomen tilbake når vegen til Skjeggedal igjen er trygg og open.

1 Trolltunga
Trolltunga sunset low
Trolltunga Marvin Kuhr web
13 VHF0624 Trolltunga Marvin Kuhr web
rose

Sjølv om Trolltunga ikkje er tilgjengeleg akkurat no, er det framleis mykje å oppleva i Hardanger. Fleire av dei mest populære fotturane og naturopplevingane i Noreg ligg ikkje langt unna – med fjordutsikt, fossar, brear, frodige dalar og landskap som gjev sterke minne.

I området rundt Odda, Ullensvang og Folgefonna finn du flotte alternativ som Dronningstien, Husedalen, Bondhusvatnet, Buerbreen og Blue Ice Hike på Folgefonna med Folgefonni Breførarlag. Dette er opplevingar som viser fram noko av det beste Hardanger har å by på – frå dramatiske fjell og brelandskap til rolege turar langs vatn og fossar.

Før du legg ut på tur, sjekk alltid vêrmelding, føreforhold og praktisk informasjon for den aktuelle turen. Vel tur etter form, erfaring og forhold – og spør gjerne turistinformasjonen om råd dersom du er usikker.

Me håpar du nyttar høvet til å oppleva meir av Hardanger medan Trolltunga er utilgjengeleg, og ønskjer deg varmt velkomen tilbake til Trolltunga ved eit seinare høve.

rose
Viktig informasjon

Vegen er stengt for all ferdsel fram til 08. juni 2026. Sjå heimesida til Trolltunga for meir informasjon.

Kjekke alternativ til Trolltunga

Sjå alle

Fleire reisetips