Restaurant Baronen på Rosendal Fjordhotel byr på smakfulle måltid i nydelege omgjevnader med panoramautsikt mot Hardangerfjorden.
Booking
Ved fjordkanten i idylliske Rosendal finn du Restaurant Baronen på Rosendal Fjordhotel.
Her byr kjøkensjef Jon Aga på ein smakfull meny med lokal inspirasjon og råvarer av høg kvalitet. Den velrenommerte kokken har lidenskap for ekte, heimelaga mat, med stort fokus på kortreiste råvarer. Saman med den gode kunnskapen til husets sommelier, får du servert kulinariske opplevingar der mat og drikke harmonerer på beste vis. Sommelieren gjev gjerne råd om både vin og sider som løftar opplevinga.
Restaurant Baronen byr på tre-rettars middag frå klokka 19.00 kvar dag, og på førespurnad kan du også få ein fem-rettars middag. I lågsesong er lunsj tilgjengeleg på førespurnad dersom ein bestiller i god tid.