1 Tyssedal Hotel kveld web

Bat i Sorfjorden

Frå fjord til fjell: Det beste Hardanger har å by på

Spektakulære fjelltoppar, breidt spekter av opplevingar og kort veg mellom store høgdepunkt. Viss dette høyrdes spanande ut, er Hardanger og det norske fjordlandskapet destinasjonen for deg!

I Hardanger har me nemleg Trolltunga – den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Uavhengig om du er ei fjellgeit eller om du aldri har vore på ein fjelltopp før, så tek utsikta frå Trolltunga pusta frå dei fleste. Det å stå på tuppen av tunga, svevande 700 meter over Ringedalsvatnet medan du skimtar isbreen Folgefonna i bakgrunnen, er vanskeleg å skildra med ord. Det er blant dei tinga du rett og slett må oppleva sjølv.

Etter ein minnerik dag i fjellet, er det kort veg til historiske Tyssedal Hotel. Hotellet er kjent for sine komfortable rom, fantastisk utsikt til Hardangerfjorden og god mat med lokale råvarer i fokus. Nyt eit måltid og lat deg forføra av smakar frå Hardanger-regionen.

Berre eit steinkast unna Tyssedal Hotel kan du hoppa om bord sightseeing-båten til The Fjords og koma tett på majestetiske fjelltoppar, buldrande fossar, sjarmerande fjordbygder og hundretusenvis av frukttre i Sørfjorden – den største frukthagen i Noreg.

Planlegg den perfekte sommarferien i naturskjønne Hardanger - ein stad som har trollbunde besøkande i hundrevis av år med sine spektakulære landskap og rike kulturarv. Utforsk den frodige Sørfjorden og den makelause naturen i Ullensvang, der bratte fjell møter idylliske bygder og ikoniske attraksjonar er å finne uansett kvar ein snur seg.

rose

Natur i verdsklasse

Hardanger er kjend for sitt utrulege naturlandskap, og her finn du fleire av dei mest kjende attraksjonane i heile Noreg. Med utgangspunkt i Odda og Tyssedal, har du kort veg til nokre av fleire av dei gjevaste opplevingane i heile Hardanger. Sørfjorden, Ullensvang og Odda kan skilta med naturopplevingar som majestetiske fjell, djupe fjordar og frodige dalar.

rose

Eventyrlege Trolltunga

Trolltunga, den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg, trekk til seg eventyrlystne frå heile verda kvart einaste år. Turen er av det krevjande slaget, men følelsen av å stå på sjølve Trolltunga er verdt kvart einaste steg på veg opp. Her får ein oppleva ei utsikt som verkeleg tek pusten frå deg!

For å få mest mogleg ut av Trolltunga, anbefalar me å gå turen med Trolltunga Adventures. Deira erfarne og dyktige guidar gjer turen både tryggare og meir minneverdig med spanande historier, lokale tips og tilgang til dei beste foto-spottane langs stien!

Les også om Celine – erfaren guide og dagleg leiar i Trolltunga Adventures. Ho blei så forelska i Hardanger-naturen at ho flytta til Hardanger!

rose

Historisk overnatting med god mat

Men Trolltunga er eit eventyrleg reisemål som ein bør ta seg god tid til å nyta. Sidan det er såpass mange andre attraksjonar i nærleiken – kombinert med at sjølve turen er ein heildagstur – bør ein ha fleire overnattingar når ein fyrst er i Hardanger og Sørfjorden.

Då er det vanskeleg å ikkje anbefala Tyssedal Hotel. Dette historiske hotellet i Tyssedal tilbyr komfortable rom, fantastisk utsikt, og ei praktisk plassering nær Skjeggedal, startpunktet for turar til Trolltunga. Hotellet rommar ei spektakulær samling originalmaleri av kjende kunstnarar som Nils Bergslien, Christian Krogh og Hans Dahl, og er eit flott døme på arkitekten Geir Grungs modernistiske stil.

Tyssedal Hotel, som er samarbeidshotellet til Trolltunga Adventures, er også kjend for sine kulinariske opplevingar. Restauranten tilbyr mat av internasjonal karakter inspirert av Hardanger, laga av lokale råvarer. Nyt eit måltid her etter ein lang dag med eventyr, og lat deg forføra av smakar frå Hardanger-regionen.

rose

Utforsk Hardangerfjorden på sightseeing

Etter ein velfortent kvil på Tyssedal Hotel, kan du bli med The Fjords på eit fjordcruise i den vakre Sørfjorden. Sightseeing-båten Aurora of the Fjords går i rute mellom Lofthus, Aga, Børve, Nå, Tyssedal og Odda om sommaren. Sørfjorden er ein relativt smal og verkeleg spektakulær fjordarm. Her kan du gli innover og nyte fantastisk utsikt til natur som har inspirert mellom andre Edvard Grieg og kunstnarane bak maleriet «Brudeferd i Hardanger».

Undervegs på fjordcruiset kan du nyte lokal mat og drikke om bord, inkludert den berømte sideren frå Hardanger. Det unike klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple av utruleg høg kvalitet, noko som resulterer i ein sider av høg internasjonal klasse. Sider frå Hardanger kjend for sin lette, syrlege og aromatiske smak. Kombiner cruiset med besøk til ulike fruktgardar og siderprodusentar for ei komplett smaksoppleving som kun er mogleg å oppleva i Hardanger.

7 The Fjords Aurora Haara 2023 187 A1790
6 Trolltunga Adventures
8 The Fjords Aurora Haara 2023 187 A2268
4 Tyssedal Hotel web
5 Trolltunga Adventures web
rose

Hardanger – det beste dei norske fjordane har å by på

Med ei unik blanding av fjord, fjell, isbrear, historie og matopplevingar, er Hardanger den ideelle destinasjonen for ein sommarferie du seint vil gløyma. Her får du oppleva det beste av norsk natur i éin og same region, med fleire av dei største og mest kjende attraksjonane i Noreg innan kort avstand frå kvarandre. Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år, og det er lett å forstå kvifor.

Velkommen til Hardanger – der eventyra ventar! Planlegg din neste ferie her og du vil ikkje angra. Besøk nettsidene til Trolltunga Adventures, Tyssedal Hotel og The Fjords for meir informasjon om den perfekte sommaropplevinga.

Dette bør du få med deg

Tyssedal Hotel
Overnatting

Tyssedal Hotel

Like ved Kraftmuseet i Tyssedal ligg Tyssedal Hotel. Hotellet ligg også nært Skjeggedal og er dermed er eit godt utgangspunkt dersom du planlegg å ta turen til Trolltunga.

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures

Villmarktur på Hardangervidda, med unik oppleving av fjellformasjonen Trolltunga. På denne turen kjem du tett på urørt natur, med god tid til kjenne på roen og å ta inn inntrykka.

Trolltunga Private Camp - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Trolltunga Private Camp - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang i privat gruppe og med eigen guide. Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der naudsynt utstyr og mat er inkludert i prisen.

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur
Aktiviteter

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Fire fantastiske Fossar, Husedalen
Aktiviteter

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Utforsk dei majestetiske Husedalsfossane på ein 3-6 timars tur frå Kinsarvik til Hardangervidda. Stien er godt merka og tilbyr spektakulær natur og varierte ruter.

Låtefoss
Attraksjoner

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Fossanes dal
Attraksjoner

Fossanes dal

Oppdag Oddadalen langs RV 13, eit vakkert og urørt landskap med fossar som Tjørnadalsfoss, Strandfoss, Vidfoss, Espelandsfoss og den berømte Låtefossen. Perfekt for naturglade vandrarar med parkering nær hovudvegen.

Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Folgefonni Breførarlag

Utforsk Folgefonna nasjonalpark med varierte aktivitetar: Bli med på bretur på Juklavassbreen eller prøv breklatring mellom Botnabreen og Jordalsbreen. Nyt kajakkpadling på fjorden eller kombiner det med breopplevingar.

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski
Aktiviteter

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

FONNA Glacier Ski Resort er eit sommarskisenter som ligg på Folgefonna. Frå kanten av Hardangerfjorden i Jondal kan du køyra heilt opp til breen og skisenteret på den 19km lange Glacier Road.

Nasjonalparkgården
Aktiviteter

Nasjonalparkgården

Nasjonalparkgården på Buer er Odda Kommune sin innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark. Som eit ideelt startpunkt for turar til både Buerbreen og Reinanuten, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger.

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring
Aktiviteter

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring

Familievennlig brevandring med guide på Buarbreen i Hardanger. Bli med på ei kjekk oppleving beståande av isbre, fjellformasjonar og Nasjonalparkgården i Odda.

Sjå alle

Fleire reisetips