Jon Fosse: Nobelprisvinnaren frå Hardanger

Jon Fosse Kred Universitetet i Bergen Ingvild Festervoll Melien
Web omaholmen ricardo 0194

Jon Fosse, Nobelprisvinnaren frå Strandebarm i Kvam Herad, er eit bevis på regionens rike litterære arv. Besøk Hardanger-regionen og kjenn på inspirasjonen som forma storverka hans.

rose

Når ein tenkjer på Hardanger, tenkjer ein kanskje fyrst og fremst på majestetiske fjordlandskap og frodige frukthagar som blomstrar. Men Hardanger har òg fostra blant Noregs mest kjente forfattarar. I 2023 vart Jon Fosse frå Strandebarm tildelt den prestisjetunge Nobelprisen i litteratur.

rose

Frå Strandebarm og ut i verda

Strandebarm er meir enn berre ei lita perle i Hardangerfjorden – det er òg staden som har gjeve oss den unike stemma til Jon Fosse. Her har han henta inspirasjon, og herifrå har han spunne trådar som strekk seg ut til heile verda gjennom ord og setningar. Og når ein besøker Strandebarm, er lett å forstå at den idylliske bygda har inspirert Fosse og andre forfattarar.

Ved å besøka Strandebarm og Hardanger, kan ein kjenna den same vinden, sjå dei same fjella og forstå litt meir av kva som ligg bak orda til den ferske Nobelprisvinnaren.

rose

Fosse-huset: Ein hyllest i heimbygda

I heimbygda Strandebarm, nærare bestemt på Fosse, finn du Fosse-huset. Gjennom heile året vert det arrangert ulike kulturarrangement nettopp her, alt med det formål å fremja og feira forfattarens unike stemme og bidrag til litteraturen. For dei som ynskjer ein nærare titt på Fosse sitt liv og verk, er eit besøk i Fosse-huset noko å anbefala. Her kan ein verkeleg kjenna på den tette tilknytinga han har til Strandebarm og Kvam Herad i Hardanger.

rose

Hardanger: Eit litterært landskap

Det er ikkje berre Jon Fosse som har latt seg inspirera av den mektige naturen i Hardanger. Lenger inne i fjorden, nærare bestemt i Ulvik, finn ein spor etter ein annan kjend nynorskforfattar. Olav H. Hauge har òg satt djupe spor i norsk litteraturhistorie, og for dei som vil dykka djupare inn i Hardangers litterære sjel, er eit besøk til Haugesenteret ei gullgruve av inspirasjon.

rose

Besøk Hardanger og trå i forfattaranes fotspor

For alle som vil oppleva den unike kombinasjonen av natur og kultur, er Hardanger staden å besøka. Enten du er turist på leit etter vakre landskap, eller ein litteraturelskar som vil kjenna på inspirasjonskjelda til nokre av våre største forfattarar, finn du det her i regionen.

Trekk pusten djupt inn og kjenn på den friske lufta i Hardanger. Kanskje kan du òg kjenna ein liten bit av den magien som har inspirert både Fosse og Hauge i deira skriving?

Og for deg som vil utforske meir av Kvam Herad, Strandebarm og Hardangers mange skattar, ta ein kikk her for meir inspirasjon, overnattingstips og aktivitetsforslag. Alternativa er mange!

La deg inspirera av den magiske naturen i Hardanger, slik som våre store forfattarar har latt seg inspirera. Velkommen til eventyrlege Hardanger!

Hallvardsnaustet Strandebarm web

Verdt å få med seg i og rundt Strandebarm

Gjerde Felemakeri
Attraksjoner

Gjerde Felemakeri

Gjerde Felemakeri kan fortelje deg historia om Hardangerfela.

Hardanger Fartøyvernsenter
Attraksjoner

Hardanger Fartøyvernsenter

Familievennleg maritimt museum med opne verkstader året rundt, og mange kjekke familieaktivitetar i sommarsesongen. Her får du oppleve Noregs einaste reiparbane i aktivitet, smeden i arbeid i smia og trebåtbygging åre...

Hardanger Skyspace
Aktiviteter

Hardanger Skyspace

Hardanger Skyspace er eit av dei kjente lysverka til den amerikanske kunstnaren James Turrell. Lysinstallasjonen er plassert rett ved fjordkanten i Øystese, like ved kunsthuset Kabuso. Innanifrå kan du nyta heilt spesielle soloppgangs og solnedgangsopplevingar.

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum
Attraksjoner

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum

Kunsthuset Kabuso har skiftande utstillingar, konsertar og andre arrangement heile året. Magiske lysopplevingar i Hardanger Skyspace - lysinstallasjon av den amerikanske kunstnaren James Turrell. Ingebrigt Vik museum ...

Haugesenteret
Attraksjoner

Haugesenteret

I Haugesenteret kan du læra meir om livet og lyrikken til diktaren Olav H. Hauge. Utstillinga rommar forteljingar knytt til dikt av Hauge og andre verdspoetar, og gir opplevingar både for barn og vaksne. Senteret ligg vakkert til ved fjorden med utsyn til fjella i Ulvik i Hardanger. Her kan du finna lyrisk ro i senteret sitt lyrikkbibliotek og poesiverkstad.

Sentralbadet Litteraturhus
Aktiviteter

Sentralbadet Litteraturhus

Sentralbadet Litteraturhus er eit kulturhus på smelteverkstomta midt i Odda sentrum. Gjennom året arrangerer dei mange eigne arrangement og er ein arena for andre arrangørar som Litteratursymposiet, Jernrosa politiske litteraturfestival, Siderfesten, Hardanger spillfestival o.a.

Hardanger folkemuseum
Attraksjoner

Hardanger folkemuseum

Hardanger Folkemuseum er ein del av Hardanger og Voss Museum og ligg på Utne. I hovudbygget kan du sjå utstillingar av hardangersaum, bunad og folkemusikk. I tillegg kan du også besøkja friluftsmuseum med historiske bygningar som høyrer til folkemuseet.

Hardangerfjord sightseeing
Aktiviteter

Hardangerfjord sightseeing

Opplev den storslagne Hardangerfjorden på sitt beste på fjordcruise med Norled turistbåtrute.

Steinsdalsfossen
Attraksjoner

Steinsdalsfossen

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Sjå alle

Fleire reisetips