VHF Siderruta Sørfjorden Haara 2022 187 A2620
Sider frå Hardanger

Velkomen til Hardanger - hjarte av norsk sider og frukt

Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.

rose
Fruktige fakta
rose
Visste du at «Sider frå Hardanger» er det fyrste norske alkoholproduktet som har oppnådd beskytta geografisk nemning?
rose

Det er ikkje tilfeldig at munkane byrja med fruktproduksjon i Hardanger på 1300-talet. Det unike klimaet langs Hardangerfjorden gjev optimale vilkår for å dyrka eple av særs høg kvalitet. Og når råvarene ikkje kan verta betre, ligg alt til rette for god sider og saft.

I generasjonar har dei berømte Hardanger-epla vorte pressa og prosessert til perfeksjon. Dei siste åra har dog populariteten, kvaliteten og standarden nådd heilt nye høgder. No kan Sider frå Hardanger skilta med fleire nasjonale og internasjonale prisar. På lik linje som Champagne, er «Sider frå Hardanger» ei geografisk beskytta nemning. Sideren, som er laga på eplejuice og gjæra på enten villgjær eller sjølve epleskalet, er karakterisert av ein lett, syrleg og aromatisk eplesmak.

Aurora of the fjords
Ferdigpakka opplevingar

Smak deg gjennom fjorden

La historia og smaken av dei unike epla følga deg gjennom dei mange sider-produsentane i regionen. Kva med å kombinera det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden om bord sightseeing-fartøyet Aurora of the fjords? Då får du oppleva skreddarsydde pakkar som inkluderer gardsbesøk, sidersmaking og båttur med det populære fartøyet. Ein får også kjøpt pakkar som inkluderer overnatting!

Sjå alle
rose

Opplev, smak og nyt dei edle dråpane direkte på gardane til dei mange siderprodusentane i regionen. Kva med eit besøk til Ulvik og den einaste frukt- og siderruta i Noreg? Eller vil du sjekka ut nokre av gardane i Sørfjorden eller Kvam? Alternativa er mange, og du kjem ikkje til å verta skuffa!

Web VHF Ulvik Siderruta Haara 2021 C35 A8196
rose

Stadig fleire hotell i regionen satsar på sider frå Hardanger. Du får tak i sider på dei fleste hotella, men nokre satsar meir på mat og sider enn andre. Her finn du nokre forslag til kva hotell som har eit godt utval av dei prisvinnande dråpane.

rose

Vil du læra meir om Sider frå Hardanger? Sjå gjerne Taste Hardanger sine heimesider. Der finn du full oversikt over alle siderprodusentar og korleis du kan smaka og oppleva det sjølv.

Web VFH Haara 2022 187 A3734