Åsen rundt er ein rundtur på ca. 2 timer som startar med litt asfalt som går over i grusveg og skogssti. Mest lett skogsterreng. Turen passer for alle. Om du held deg på grusvegen kan du ha med barnevogn. Fin sykkelrute, offroad. Ca halvegs svinger ein av grusvegen og fortsett på sti i skogen. Følg du grusvegen vidare kjem du til Birjetangen. Ruta har lite stigning, men byr likevel på fine utsiktspunkt over Osafjorden og Ulvik. Start ved parkeringa ved idrettsanlegget i Holmen og følg skilta.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Sesong

Kart