Botsvatn - Dåren

Fottur i variert terreng og flott utsikt som kan gjerast i kombinasjon med andre turar.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil.  Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter 2,0 km tar du av på grusveg til venstre. Etter 4,1 km kjem du til Botsvatn. Har du bil parkerer du her. Parkering på eige ansvar. Ved parkeringsplassen er det skilta Jonstein og Dåren. Parkering på eige ansvar.


Om turen

Frå Botsvatn gå mot Dåren. Du kjem snart til ei bru og vidare i myrlendt terreng mot stølen Sjusete. Like før du kjem opp på stølsvollen er turen skilta mot høgre og fortset i myrlendt terreng og vidare opp ei bjørkeli til Dåren. På Dåren kjem du og inn på merka tur til Vassenden. (Ved Vassenden er det infotavle for turane i området.) Frå Dåren kan du gå over på umerka rute til Jonstein. På denne turen kryssar du også Buførevegen, der du kan gå ned att til Botsvatn. Dette er flotte rundturar på finversdagar.

 

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: Gratis, men det er ei avgift for å køyre fram til parkeringa 
Lengde: 2,2km
Total gangtid: 2 t 30 min 
Sesong: Mai - november 
Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, middels 

Gradering
Sesong

Kart