Kvåle - Vassenden

Kvåle - Vassenden

Turen frå Kvåle til Vassenden byr blant anna på fantastisk utsikt mot Folgefonna.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tek du rett fram i krysset med vegen til Folgefonna og over brua i Øvre Krossdalen. Etter 1,0 km er det turskilt til Knutstøl. Turen går gjennom gardstunet på Kvåle. Har du bil, pass på at du ikkje parkerer til hinder. Spør helst dersom nokon er heime. Parkering på eige ansvar. Like før vegbommen på Fonnavegen er det ei infotavle på høgre side.



Om turen

Frå garden Kvåle går du forbi husa og gjennom ei grind, og kjem ut på eit beite. Stien svingar seg bratt oppover beitet og vidare gjennom ei grind og opp i bratt skogsterreng. Når du er oppe i skoggrensa kjem du til stølen Knutstøl, og her er det flott utsikt mot Folgefonna. Du går vidare over høgda og til dels bratt ned til stølen Vassenden. Det er god sti i skogen, men litt myrlendt over skoggrensa. Frå Vassenden er eit knutepunkt for andre turar, sjå infotavle nede ved vatnet.





Pakreringsavgift: gratis



Lengde: 3km



Total gangtid: 3,5 time



Sesong: mai - november 

Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Raud, krevjande 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart