Vassenden - Vatnasete

Fottur i idylliske omgjevnader mellom stølar og vatn.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 5,0 km ta av mot venstre, skilta Molve. Etter 160 m (etter ei bru), ta mot høgre. Etter 700 m, ta til venstre på grusveg. Etter ca. 100 m kjem du til ei grind og du må betale avgift for å køyre denne vegen med bil. God grusveg vidare (2,8 km) til god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar.

Om turen

Ved Vassenden finn du ei infotavle for turane i området. Gå opp ca. 20 m. Her er det skilta Stuasete og Knutstøl. Gå mot Stuasete, langs Vassendevatnet, over myrar og opp til stølen Stuasete. Her er det skilta til Dåren og Vatnasete. Gå mot Vatnasete. I lett stigning kjem du først til stølen Eggjasete og deretter ned til Vatnasetevatnet. Etter at du har gått rundt vestre del av vatnet kjem du til eit stikryss. Her er det skilta Solhaug, Fodnastøl og tilbake til Stuasete. Vatnasete ligg like ovanfor krysset i retning Solhaug.

Parkering: Sjå under "startpunkt"

Parkeringsavgift: gratis, men avgift for å køyre grusvegen til parkeringa. 

Lengde: 4,2 km

Total gangtid: 4 timar

Sesong: mai-november 

Vanskegrad/gradering: Grøn, enkel

Gradering
Sesong

Kart