Vassenden - Dåren

Fottur langs stølar og vatn til den store steinen ved Dåren.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 5,0 km ta av mot venstre, skilta Molve. Etter 160 m (etter ei bru), ta mot høgre. Etter 700 m, ta til venstre på grusveg. Etter ca. 100 m kjem du til ei grind og du må betale avgift for å køyre denne vegen med bil. God grusveg vidare (2,8 km) til god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar.

Om turen

Ved Vassenden finn du ei infotavle for turane i området. Gå opp ca. 20 m. Her er det skilta Stuasete og Knutstøl. Gå mot Stuasete, langs Vassendevatnet, over myrar og opp til stølen Stuasete. Her er det skilta til Dåren og Vatnasete. Gå mot Dåren. Opp til Dåren er det til dels bratt. Endepunktet på turen er ved ein stor stein på høgdedraget. Frå Dåren kan du gå vidare på merka rute ned til Botsvatnet, eller på umerka rute til Jonstein, eller ein rundtur på umerka rute til Knutstøl.


Parkering: Sjå under "startpunkt"

Parkeringsavgift: gratis, men avgift for å køyre grusvegen opp til parkeringa 

Lengde: 3,5 km

Total gangtid: 4 timar 

Sesong: Mai - November 

Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, middels

Gradering
Sesong

Kart