Hellebrotet på Sollesnes - Jonahorn

Tur opp til karakteristiske Jonahorn med utsikt over fjord og bygd.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

5,4 km nord for Jondal sentrum (veg 550), ta av mot Selsvik og så første veg til høgre. Rett etter denne avkjørsla er det ein parkeringsplass med plass til eit par bilar. Parkering på eige ansvar. Her er det også ei infotavle.

Om turen

Start ved infotavle ved vegen. 20 meter lenger framme ser du skiltet til Jonahorn. Turen følgjer foten av eit berg og om litt kjem du til ei trapp for å koma opp på dette berget. Du går vidare i fint skogsterreng med god og tørr sti opp til Jonahorn. Bratt opp den siste kneika. Her kan det også vera ein del glatte røter å trø på. Fin utsikt ned mot Selsvik når du er nesten oppe, og utsikt ut fjorden på toppen.


Parkering: Sjå "startpunkt"

Parkeringsavgift: Gratis

Lengde: 1,6km

Total gangtid: 2 timar 

Sesong: mai - november 

Gradering
Sesong

Kart