Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden.

Booking

Om

Ta ein kort topptur med makelaus utsikt i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal ligg herleg til mellom dei to nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her kan du sitte på kanten av berget og sjå utover det praktfulle fjordlandskapet i Sørfjorden. Det som gjev turen det vesle ekstra, er det freda kraftanlegget med voktarbolig på Lilletopp og rallaren sitt rike inni fjellet.



Om turen (ca. 45 minutt éin veg)

Parkering ved Tyssohallen på P1. På Kraftmuseet ved fjorden får du P-billett for 3 timars korttidsparkering ved kjøp av inngangsbillett til museet. Du går femten minutt på veg, før du tek stien ein halv time over skarv og i trapper i historiske omgjevnader. Utsikta er fantastisk heile vegen, og du går heile tida tett på kulturminne som fortel om det visjonære arbeidet med å skaffa elektrisk kraft tidleg på 1900-talet.



Bruk gode tursko og ta med drikke til to- og firbeinte. Det er ikkje drikkevatn verken langs stien eller på toppen. Merk at det heller ikkje er toalett på toppen.



Parkering

Sving innom Kraftmuseet på kaien i Tyssedal for å hente parkeringsbillett. Parkeringa er ved Tyssohallen i øvre del av Tyssedal.

 

Avstand
Gradering
Sesong
Varighet

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
Guida tur i fjellet
80,00
Parkeringsavgift
150,00
*Pris frå