Eva Weel Skram
Eva Weel Skram til Baroniet Rosendal 15. juli 2026 – ei nær og stemningsfull konsertoppleving i historiske Riddersalen.
BookingKontaktinformasjon
Om
Eva Weel Skram kjem til Baroniet den 15.juli 2026!
I fjor sleppte Eva sitt nyaste album Vendepunkt, til fine meldingar, og tittelsporet låg spikra på spelelistene til NRK P1 i månadsvis.
Eva Weel Skram har alltid vore svært personleg i tekstane sine, og det er ho heldigvis framleis. Albumet Vendepunkt blei skrive i ein periode då det skjedde mykje i livet hennar, særleg på innsida. Ho søkte og fann svar på mykje i seg sjølv, og refleksjonane ho gjorde undervegs, fann fort vegen ut av hovudet og inn i tekstane – slik dei ofte gjer. Og om noko så fint kjem ut av Evas personlege vandring, kan vi ikkje gjere anna enn å håpe at ho held fram med denne reisa i åra som kjem.