Ingebjørg Bratland
Velkomen til konsert med Ingebjørg Bratland! Vinje-artisten har markert seg som ein av dei mest kjære stemmene i norsk musikkliv, med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand» og «Fordi eg elskar deg». Med si varme formidling og særeigne tolkingar av både eigne og andre sine songar, når ho ut til publikum i alle aldrar. Etter fleire år med suksessfulle turnear – mellom anna saman med Odd Nordstoga – er ho no klar for nye konsertar på eiga hand. Med ferske musikalske høgdepunkt og moglegheiter for ny musikk i vente, ligg alt til rette for ei stemningsfull og nær konsertoppleving.
BookingKontaktinformasjon
Om
Velkomen til konsert med Ingebjørg Bratland!
Vinje-bygdingen har alt ei merittliste dei fleste kan misunne. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg» – og mange fleire – har ho bora seg inn i den norske folkesjela. Bratland er mest kjend gjennom låtane og albuma sine, der ho tolkar eigne og andre sine songar på sitt heilt særeigne vis, og når eit stort publikum i alle aldrar.
Dei siste åra har Ingebjørg, saman med sin gode ven Odd Nordstoga, spelt konsertar for fulle salar over heile landet, og no er ho klar for å dra vidare på si eiga musikalske ferd.