Konsert med Stemmeklang•Parallax
17. september kjem ensemblet Stemmeklang•Parallax til Kraftmuseet med verket OSEAN – eit verk som er som skapt for kraftstasjonen!
BookingKontaktinformasjon
Om
17. september kjem ensemblet Stemmeklang•Parallax til Kraftmuseet med verket OSEAN – eit verk som er som skapt for kraftstasjonen! Verket vart opphaveleg skrive for Emanuel Vigeland sitt mausoleum i Oslo, og utvikla med utgangspunkt i mausoleet sin monumentale gravkammer-akustikk.
OSEAN tek publikum med på ei lydleg havreise gjennom korallrev og orkanar, tåkelurar, fugle- og kvalsong, drypande grotter og gløymde skipsvrak. Stemmer, trompet, gitarar, perkusjon og romklang smeltar saman i eit sanseleg og fysisk lydlandskap der rommet sjølv blir ein aktiv del av musikken.
Verket hadde urpremiere i Emanuel Vigeland sitt mausoleum i april 2023, og har sidan blitt framført i somme av landets mest særeigne rom – mellom anna ein nedlagd fiskeoljetank på Melbu i Vesterålen, kruttårnet på Munkholmen i Trondheim og Tune kyrkje i Sarpsborg. Kvar framføring har blitt forma av staden sin arkitektur, historie og akustikk.