Oscar Danielson

Oscar Danielson
Jul.
24

Velkomen til konsert med Oscar Danielson! Den svenske låtskrivaren har eit heilt eige uttrykk, og blir av mange rekna som ein av dei fremste tekstforfattarane i Skandinavia. Med eit sterkt låtunivers som kombinerer skarpe observasjonar, varme og humor, har han opparbeidd seg eit trufast publikum – også her i Noreg. Konserten byr på songar om kjærleik og relasjonar, framførte med både alvor og glimt i auget. Her blir det rom for både latter og ettertanke, i eit nært møte med ein artist som treff publikum med sine ærlege og innsiktsfulle tekstar.

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Velkommen til konsert med Oscar Danielson

Noregsvenn- og i tilfellet Oscar Danielson kan ein trygt slå fast at den sympatiske svensken er ein av dei aller beste venene vi har!

Oscar Danielson er sin eigen sjanger, og av mange rekna som Sveriges beste tekstforfattar. Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stadig større publikum og turnert flittig i heile Skandinavia.

I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum, og det er langt mellom dei gongene 9000 menneske er så lutter øyre som då. Kort tid etter opptrådde han på NRKs «Lindmo», og igjen både begeistra og fascinerte Danielsons låtunivers det norske folket.

No kjem den Stockholm-fødde 49-åringen tilbake til oss med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscars kjenneteikn.

Eva Weel Skram og Stein Thorleif Bjella har gjort ein versjon av Oscars låt «Besvärjelse» med norsk tekst, «Vi lover».

Kart