Steinestø gård x Yrjan Olsnes 2021 00367 2
Matopplevingar i Hardanger

Smak deg gjennom det beste matfatet Noreg har å by på

Frå sider og eplemost til lammekjøt, spekepølser og syltetøy. Hardanger er ein region med rike tradisjonar når det kjem til mat og drikke.

rose

Fine restaurantar i både inn- og utland viar store mengder tid og pengar til å henta alle dei gode råvarene ein finn i Hardanger. Heldigvis treng ein ikkje reisa langt for å ta del i store matopplevingar. Her i Hardanger er det nemleg lagt opp til at du skal få ta del i gjeve smakar og rettar på ein enkel måte.

I tillegg til makalaus natur, er regionen kanskje fyrst og fremst kjend for frukta og sider frå Hardanger. Men me kan også skilta med sterke tradisjonar knytt til lam, storfe og fisk.

Buer Restaurant WEB 2022 187 A5603

Men sjølv om det er ein moglegheit, skal du sleppa å enten fiska, plukka eller laga maten din sjølv. I Hardanger finn du eit stort utval av aktørar som serverer rettar med lokale råvarer. Alt frå hotell- og gardsrestaurantar til kafear og salsbuer langs vegen. Fellesnemnaren er at dei tilfredsstiller smaksløkane til dei aller fleste. Og det beste med det heile? Alternativa er mange!

Ein kan heller ikkje unngå å nevna juvelar som «krotakaker», «mjølkekaker» og «potetkaker», som har vorte laga i utallege eldhus og bakstekjellarar rundtom i Hardanger gjennom generasjonar. Det same kan også seiast om fjella våre. For i tillegg til å finna enorme mengder bær – som til dømes blåbær, molter og tyttebær – har ein utallige fiskevatn som alle inneheld delikatesser av ulik art. Det same gjeld sjølve fjorden og alle elvene våre.

Agatun x Yrjan Olsnes 05272
Gardsmat Spildegarden
Visit Hardangerfjord Oystein Haara 6
Buer Restaurant WEB 2022 187 A5536 Kopi