3 langweekend-tips i Hardanger og på Voss

Ullensvang Hotel Lo 23 of 31
Web Voss resort credit Jon Hunnalvatn Tøn Hunnalvatn media 2

Høge toppar, smale fjordar og kulinariske høgdepunkt i spektakulær natur. Hardanger og Voss inneheld noko av det råaste vestlandet og Noreg har å by på.

rose

Enkelte trur at Hardanger og Voss er same plass, og me kan ikkje klandra dei. I tillegg til at dei populære reisemåla grensar til kvarandre, har dei begge natur og opplevingar få andre regionar kan skilta med. Stadig fleire nordmenn trykkjer Voss og Hardanger til sitt bryst. Kanskje ikkje så rart når ein tenkjer på alt det ulike ein kan oppleva. Voss med ekstremsport, skiforhold og gondol - Hardanger med sider, Trolltunga og fjorden. Dette gjev reiselystne nordmenn eit framifrå utgangspunkt til å oppleva to unike regionar på ein enkel, praktisk og ikkje minst minnerik måte.
Og for å gjera det endå enklare for deg, har me sett saman tre konkrete forslag til langhelger og/eller lengre opphald i hjarta av Fjord-Noreg.

Web Ulvik 5
rose

Torsdag: Sjekk inn og slapp av hjå Hardanger Panorama Lodge – ei tretopphytte utanom det vanlege i Ulvik. Utsikta til fruktbygda og Hardangerfjorden er verdt opphaldet i seg sjølv.

Fredag: I Ulvik finn du den einaste frukt- og siderruta i Noreg. Gå mellom tre ulike fruktgardar og smak på Sider frå Hardanger og andre edle dråpar frå regionen. Når det nærmar seg middagstid, vil me anbefala å ta turen til Brakanes Hotel. Dei kan skilta med ein rik og god meny med lokale råvarer i fokus.

Laurdag: Langrenn, alpint, fjellski eller topptur? Kva er di greie? Uansett kva du likar best, finn du skianlegg og skiterreng å boltra deg i på Voss. Kanskje ein tur i Voss Resort eller Myrkdalen, begge blant Noregs største alpinanlegg? Eller har du prøvd langrennsløypene i Voss ski- og tursenter, kor NM i langrenn gjekk av stabelen for nokre år sidan? Sjekk inn på Park Hotel Vossevangen eller Scandic Hotel, begge midt i sentrum. Nyt ein betre middag, omvisning i vinkjellaren eller kanskje ei vinsmaking på Park Hotel.

Sundag: Alle kan fly! Før heimreise rekk du å få med deg ei oppleving til. På Voss har dei Noregs fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel, og her kan alle fly! Avslutt helga med ei luftig oppleving, som gjev deg same kjensla som eit fallskjermhopp.

Web voss vind 5 DMKII MG 2840
rose

Torsdag: Eventyret byrjar på Park Hotel Vossevangen eller Scandic Hotel, begge midt i sentrum. Meld deg på omvising i vinkjellaren på Park Hotel Vossevangen, og nyt ein betre middag etterpå akkompagnert av god drikke frå skattekammeret til hotellet?

Fredag: Sjekk inn og pust ut på Hotel Ullensvang. Nyt roen i Sørfjorden frå det flotte bade- og velvære-anlegget med både innan- og utandørsbasseng. Køyr langs Nasjonal Turistveg Hardanger og opplev kontrastane i naturen på tett hald. Langs ruta køyrer du forbi den eine naturperla etter den andre. Eit godt tips er å ta turen innom alle sidergardane langs vegen! Det kjem du ikkje til å angra på.

Laurdag: Unngå køane, ta på deg trugene og bli med på eit vintereventyr til Trolltunga med guide. Landskapet kan vera svært annleis på vinterstid, men profesjonelle guidar frå Trolltunga Active syrgjer for at turen er heilt trygg. Trolltunga er spektakulær heile året, men fjellformasjonen i vinterfargar er noko for seg sjølv.

Yrjan Olsnes 0804
rose

Torsdag: Sjekk inn på Store Ringheim, eit sjarmerande boutique gardshotell. Ta ein roleg kveld på hotellet, eller kanskje utforsk ekte vossakultur med eit besøk og middag på Smalahovetunet?

Fredag: Unn deg ei unik oppleving. Bli med til Eldhuset på Dale. Ei eldhusoppleving er ein liten pause frå verda utanfor dei gamle veggene. Eldhusopplevinga er ein kortversjon av eldhusbrygging. Her får du oppleva ei av dei sentrale delane i brygging av tradisjonsøl. Verten Kjetil fortel om brygging av gardsøl og historia til eldhusene, og om kva han gjer videre i bryggeprosessen. Det vert lukting og smaking av einer-uttrekket. Smaking av brygg laga med kveik og enkel servering av lokal spekemat. På ettermiddag/ kveld anbefalar me Voss Gondol opp til Voss si nye storstove Hangurstoppen restaurant. Nyt ein betre middag med strålande utsyn over Vossabygda.

Laurdag: Rett over fjellet frå Voss, ligg den trongaste og smalaste fjordarmen i heile Hardanger. Botnen og Fyksesundet er noko for seg sjølv med stupbratte fjellsider, spektakulære fossar og skjulte perler kun tilgjengeleg med båt. Ta del i denne makelause opplevinga på ein guida RIB-tur med Hardangerfjord Adventure. Eit godt tips er å fotoapparatet lett tilgjengeleg!

Yrjan Olsnes x Visit hardangerfjorden 06703
rose

Turen har avreise frå Hardangerfjord Hotel i Øystese, som kan skilta med blant dei største, om ikkje den største, sidersamlinga i heile regionen. Hotellet har eit stort fokus på kortreist mat og lokale delikatesser. Det skadar heller ikkje at det flunkande nye Hardangerbadet, med utsikt til ruvande fjell, fjorden og Folgefonna, ligg vegg-i-vegg. Det same kan seiast om Spildegarden, som i tillegg til sider og eplemost, serverer matrettar som verkeleg pirrar kjenslene til den mat- og drikkeinteresserte. Hotellet er eit perfekt utgangspunkt for å oppleva Hardanger og Voss på sitt beste – både for spreke høgpulsaktivitetar og for dei som søkjer fred, ro og god atmosfære.

Besøk gjerne Visit Voss sine sider for oversikt over kjekke vinteropplevingar på Voss!

Kjekke vinteropplevingar i Hardanger og på Voss

Trolltunga Vinter - Trolltunga Active
Aktiviteter

Trolltunga Vinter - Trolltunga Active

Unngå køane, ta på deg trugene og bli med på eit vintereventyr til Trolltunga med guide. Ein unik dagstur i Hardanger med Trolltunga Active.

Hotel Ullensvang
Overnatting

Hotel Ullensvang

Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.

Hardangerfjord Hotel
Overnatting

Hardangerfjord Hotel

Nyoppussa Hardangerfjord Hotel ligg idyllisk til ved fjordkanten i Øystese, berre ein times tid frå Bergen, med fantastisk utsikt mot Hardangerfjorden, fjella og isbreen Folgefonna. Gjestane får oppleva fjord og fjell gjennom heile året, og med variasjonen i årstidene vert det aldri kjedeleg.

Frukt- og Siderruta, Ulvik
Attraksjoner

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Hardanger Panorama Lodge
Overnatting

Hardanger Panorama Lodge

Ta overnattinga høgt i fjelltoppane over Ulvikfjorden. Hjå Hardanger Panorama Lodge får du ei heilt unik overnatting med opphald i høgda av Ulvik med ei spektakulær utsikt. Hytta er fullt utstyrt med plass til opp til 7 personar.

Hardangerbadet
Aktiviteter

Hardangerbadet

Nede ved fjorden i Øystese sentrum, finn du det nye Hardangerbadet. Fyrtårnsprosjektet inneheld bade- og symjeanlegg, helsepark, treningsanlegg og visningssenter for laks. Symjeanlegget, med 25 metersbasseng, samt familie- og terapibasseng, er kjerna i Hardangerbadet.

Trolltunga Hotel
Overnatting

Trolltunga Hotel

Sov komfortabelt i nydelege omgjevnader på Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger. Hotellet er ei perfekt base for deg som vil gå Trolltunga eller vera med på ei anna av Trolltunga Active sine turar.

Spildegarden
Aktiviteter

Spildegarden

Spildegarden i Øystese har produsert sider og eplemost i fire generasjonar. Her kan du smaka på prisbelønte produkt, lokale råvarer og oppleva eplesiderens kulturhistorie i vakre omgjevnader.

Steinsdalsfossen
Attraksjoner

Steinsdalsfossen

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Gardsmatbutikken i Øystese
Attraksjoner

Gardsmatbutikken i Øystese

I gardsmatbutikken i Øystese sentrum får du kjøpt varer laga både av lokale og andre norske små og mellomstore produsentar. Her er det mellom anna tradisjonsbakst, fruktsaft, sider, syltetøy, honning, kjøt- og spekemat i hyllene.

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum
Attraksjoner

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum

Kunsthuset Kabuso har skiftande utstillingar, konsertar og andre arrangement heile året. Magiske lysopplevingar i Hardanger Skyspace - lysinstallasjon av den amerikanske kunstnaren James Turrell. Ingebrigt Vik museum ...

Brakanes Hotel
Overnatting

Brakanes Hotel

Rett ved fjordkanten i Ulvik ligg Brakanes Hotel idyllisk til og nære attraksjonar og opplevingar i Hardangerfjord regionen. I gangavstand frå hotellet finn du for eksempel frukt- og siderruta med besøksgardar og Olav H. Haugesenteret.

Thon Hotel Sandven
Overnatting

Thon Hotel Sandven

Thon Hotel Sandven er eit er ærverdig hotell omgitt av historisk sus. Hotellet frå 1857 ligg vakkert til ved fjordkanten i Norheimsund sentrum, vel ein time med bil frå Bergen. Thon Hotel Sandven er tildelt kvalitetsm...

Hardanger Skyspace
Aktiviteter

Hardanger Skyspace

Hardanger Skyspace er eit av dei kjente lysverka til den amerikanske kunstnaren James Turrell. Lysinstallasjonen er plassert rett ved fjordkanten i Øystese, like ved kunsthuset Kabuso. Innanifrå kan du nyta heilt spesielle soloppgangs og solnedgangsopplevingar.

Fruktstien
Aktiviteter

Fruktstien

Fruktstien. Idyllisk kulturlandskap for alle Startpunkt  Fruktstien kan ein lett koma seg på frå mange plassar: Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim, Hardanger Vandrarheim, og ved daglegvarebu...

Sjå alle

Fleire reisetips