6 grunnar til å besøka Hardanger i vinter

Web Trolltunga 5

Opplev Hardanger-regionen om vinteren og få eit annleis møte med fjordlandskapet. Her finn du eit breitt utval av aktivitetar, attraksjonar og overnattingar tilgjengeleg heile året.

rose

Unn deg sjølv ein pause i kvardagen og opplev Hardanger om vinteren. I denne årstida er møtet med fjord- og naturlandskapet heilt annleis enn om sommaren. Hardanger er nemleg så mykje meir enn berre bløming, sider og frodig natur. Her i regionen er det eit stort utval av aktivitetar, attraksjonar og turar som er tilgjengeleg heile året. Og det beste av alt? I Hardanger om vinteren har du store deler av regionen for deg sjølv. Har du ei ledig helg eller nokre dagar fri, er med andre ord Hardanger regionen å besøka.

1) Lett tilgjengeleg

Alle vegar fører til Rom, heiter det seg. Mykje av det same kan seiast om Hardanger. Regionen er enkel å koma seg til med både buss, bil, fly og tog. Legg du til at langs vegen køyrer du forbi den eine naturperla etter den andre, er sjølve turen ei oppleving i seg sjølv. I Hardanger er det med andre ord korte avstandar mellom store opplevingar.

Autumn Trolltunga 7 web
rose

Sjå for deg å vakna i denne komfortable og gjennomsiktige domen på Trolltunga! Det skadar ikkje at du får verdas mest spektakulære fjellformasjon for deg sjølv.

rose

2) Store høgdepunkt for deg sjølv

Kvart år kjem det turistar frå alle verdshjørner for å oppleva Trolltunga. Det same kan seiast om Dronningstien, som har eksplodert i popularitet dei siste åra. Om sommaren risikerer du å stå fleire timar i kø for å ta det ikoniske bildet frå Trolltunga. Om vinteren får du omtrent heile fjellformasjonen for deg sjølv. Trolltunga Active tilbyr fleire forskjellige turar med guide til Trolltunga om vinteren. Nokre med overnatting, andre som dagstur.

rose

3) Mange alternativ

Nokon ynskjer å oppleva nemnde Trolltunga og Dronningstien utan sommarkøen, men dette er ikkje for kven som helst. Det finst også dei som ynskjer å senka skuldrene og finna roen, og då skal ein leita lenge etter ein meir ideell region enn Hardanger. Pust ut og sjekk inn på Hotel Ullensvang. Lat deg begeistra av alle dei tosifra fossefalla i Fyksesundet frå ein RIB-båt, eller besøk sidergardane som i desse dagar er ferdig med årets sider og eplemost. Alternativa er mange, og her i regionen finn du alternativ som passar for alle.

Web Ulvik 5
rose

Nyt ein kopp kaffi og la deg begeistra av den flotte naturen i Ulvik frå Hardanger Panorama Lodge. Perfekt for både vener, par og familiar!

rose

4) Kort avstand mellom store opplevingar

Stupbratte fjell, buldrande fossar og levande bygder. Det er lett å forstå kvifor så mange har forelska seg i Hardanger-regionen. Både langs og på Hardangerfjorden – den nest lengste av sitt slag i Noreg – kan du koma tett på store natur- og kulturopplevingar heile året. Dei mange fyrtårna og attraksjonane er spreidd godt rundt i heile regionen, og det er enkelt å transportera seg frå det eine til det andre. Du kan med andre ord ha ein dag i skibakken 1300 meter over havet i Røldal og slappa av hjå Heit Sørfjorden Sauna nede ved fjorden kort tid etter. I Hardanger får ordet «kontrastar» ei ny meining.

Yrjan Olsnes x Visit hardangerfjorden 04589
rose

5) Trygt og godt

I Hardanger er det enkelt å trekke seg tilbake og lade opp batteria. Hardanger er ein trygg og roleg region å besøke og om vinteren kan ein verkeleg finne roa då det er merkbart færre turistar i regionen. Kva med å senka deg ned i eit varmt hotellbasseng midt i Noregs største frukthage, eller å ta overnattinga til nye høgder i ei tretopphytte? Anten du dreg aleine, med vener, med partneren din eller med familien, er det som balsam for sjela der du heng høgt eller lågt, i tretoppane eller ved fjordkanten – tett på naturen, med ro og nydelig utsikt.

Ribtur med Hardangerfjord Adventure
rose

6) Kulinarisk eldorado

På lik linje som naturperlene ligg tett i tett, gjer matskattane det same. Langs heile fjorden finn du matprodusentar, hotell og gardar som alle serverer og/eller sel lokalproduserte skattar frå regionen. Hardangerfjord Hotel er eit godt døme, som dei siste åra har satsa stort på kortreist mat og sider frå Hardanger. Få, om ingen, kan skilta med ein større siderkjellar enn det nyoppussa hotellet i Øystese. PS: Eit godt tips er å kombinera eit opphald på hotellet med eit forfriskande bad i Hardangerbadet, samt ein guida RIB-tur inn den trongaste fjordarmen i heile Hardanger.

Yrjan Olsnes x Visit hardangerfjorden 05138
rose

Me kunne laga mange hundre grunnar til kvifor ein skal oppleva Hardanger om vinteren, men håpar nokre av desse tipsa fell i smak. Treng du fleire tips til kjekke opplevingar i Hardanger? Sjå gjerne på inspirasjonssida vår eller følg oss på sosiale medier. Der publiserer me hyppige oppdateringar og tips til alle dei ulike høgdepunkta i Hardanger.

Velkomen!

Kjekke vinteropplevingar i Hardanger

Trolltunga Vinter - Trolltunga Active
Aktiviteter

Trolltunga Vinter - Trolltunga Active

Unngå køane, ta på deg trugene og bli med på eit vintereventyr til Trolltunga med guide. Ein unik dagstur i Hardanger med Trolltunga Active.

Trolltunga
Aktiviteter

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Trolltunga Winter Sunset
Aktiviteter

Trolltunga Winter Sunset

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Vøringsfossen
Attraksjoner

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Fire fantastiske Fossar, Husedalen
Aktiviteter

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Gangtid t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen er 5-6 t. Område...

Røldal Skisenter
Aktiviteter

Røldal Skisenter

Stå på ski i Hardanger. Røldal Skisenter, blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge, er perfekt for både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar.

Låtefoss
Attraksjoner

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Fruktstien
Aktiviteter

Fruktstien

Fruktstien. Idyllisk kulturlandskap for alle Startpunkt  Fruktstien kan ein lett koma seg på frå mange plassar: Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim, Hardanger Vandrarheim, og ved daglegvarebu...

Hardangerbadet
Aktiviteter

Hardangerbadet

Nede ved fjorden i Øystese sentrum, finn du det nye Hardangerbadet. Fyrtårnsprosjektet inneheld bade- og symjeanlegg, helsepark, treningsanlegg og visningssenter for laks. Symjeanlegget, med 25 metersbasseng, samt familie- og terapibasseng, er kjerna i Hardangerbadet.

Trugetur med Trolltunga Active
Aktiviteter

Trugetur med Trolltunga Active

Opplev Hardanger sine kjende destinasjonar i vinterdrakt på trugetur saman med Trolltunga Active sine guidar; fjord, fjell, foss og bre er noko av det du får sjå på denne turen mens du vandrar i snøen på truger.

Gardsmatbutikken i Øystese
Attraksjoner

Gardsmatbutikken i Øystese

I gardsmatbutikken i Øystese sentrum får du kjøpt varer laga både av lokale og andre norske små og mellomstore produsentar. Her er det mellom anna tradisjonsbakst, fruktsaft, sider, syltetøy, honning, kjøt- og spekemat i hyllene.

Alde Sider
Aktiviteter

Alde Sider

Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på Bleie Gard i Sørfjorden. Saft- og siderprodusenten som i 2018 blei kåra til den beste i Noreg, sel dei edle dråpane frå både garden og Vinmonopolet.

Hardanger Fjordsafari - 30 minutters RIB tur
Aktiviteter

Hardanger Fjordsafari - 30 minutters RIB tur

For grupper på 15-24 personar tilby Hardanger Fjordsafari kortare RIB turar på 30 minutt.

Gullfiskvatnet
Attraksjoner

Gullfiskvatnet

I Gullfiskvatnet kan du mate "Gullfisk"! Gullfisken er gullvederbuk, sett ut i Skårsvatnet i 1914. Fin raste- og badeplass. Vist på NRK - Norsk attraksjon 2009. Gullfiskvatnet (Skårsvatnet) ligg 5 km frå Øystese på f...

Hardanger Fartøyvernsenter
Attraksjoner

Hardanger Fartøyvernsenter

Familievennleg maritimt museum med opne verkstader året rundt, og mange kjekke familieaktivitetar i sommarsesongen. Her får du oppleve Noregs einaste reiparbane i aktivitet, smeden i arbeid i smia og trebåtbygging åre...

Galleri N. Bergslien
Attraksjoner

Galleri N. Bergslien

I tilknyting til Vøringfoss Hotel har Eidfjord kommune bygd eit flott galleri for si unike samling av Bergslimaleri. Her vert det og høve til å nyta kunst frå andre kunstnarar.

Hardanger Fjordsafari - 60 minutters RIB tur
Aktiviteter

Hardanger Fjordsafari - 60 minutters RIB tur

Hardanger Fjordsafari tilbyr RIB båt turar frå Eidfjord. Her kan du vera med på kortare eller lengre fjord opplevingar der du kjem tett på naturen.

Hardanger Skyspace
Aktiviteter

Hardanger Skyspace

Hardanger Skyspace er eit av dei kjente lysverka til den amerikanske kunstnaren James Turrell. Lysinstallasjonen er plassert rett ved fjordkanten i Øystese, like ved kunsthuset Kabuso. Innanifrå kan du nyta heilt spesielle soloppgangs og solnedgangsopplevingar.

Helleland Gard
Aktiviteter

Helleland Gard

Kjøp, smak og nyt eplemost & sider frå Hardanger hjå Helleland Gard på Lofthus. På garden kan du også booka deg sidersmaking med ost og spekemat.

Kraftmuseet
Attraksjoner

Kraftmuseet

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då ...

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum
Attraksjoner

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum

Kunsthuset Kabuso har skiftande utstillingar, konsertar og andre arrangement heile året. Magiske lysopplevingar i Hardanger Skyspace - lysinstallasjon av den amerikanske kunstnaren James Turrell. Ingebrigt Vik museum ...

Movatnet - ein lett tur frå Steinsdalsfossen
Aktiviteter

Movatnet - ein lett tur frå Steinsdalsfossen

Stad Steinsdalsfossen Turomtale Frå butikkane ved Steinsdalsfossen, gå 60 meter mot Rosseland, og ta til høgre inn på vegen skilta "Fjærabygda". Følg vegen og stien til Sundsvik. Hugs å stenge portane langs vegen...

Haugesenteret
Attraksjoner

Haugesenteret

I Haugesenteret kan du læra meir om livet og lyrikken til diktaren Olav H. Hauge. Utstillinga rommar forteljingar knytt til dikt av Hauge og andre verdspoetar, og gir opplevingar både for barn og vaksne. Senteret ligg vakkert til ved fjorden med utsyn til fjella i Ulvik i Hardanger. Her kan du finna lyrisk ro i senteret sitt lyrikkbibliotek og poesiverkstad.

Røldal Stavkyrkje
Attraksjoner

Røldal Stavkyrkje

Røldal Stavkyrkje er bygt på 1200-talet og er kjend for krusifikset sitt som, ifylgje legenda, har heilbrigdande krefter. Kyrkja ligg i Røldal sentrum og var eit av dei viktigaste pilegrimsmåla i middelalderen og heilt fram til 1835.

Sentralbadet Litteraturhus
Aktiviteter

Sentralbadet Litteraturhus

Sentralbadet Litteraturhus er eit kulturhus på smelteverkstomta midt i Odda sentrum. Gjennom året arrangerer dei mange eigne arrangement og er ein arena for andre arrangørar som Litteratursymposiet, Jernrosa politiske litteraturfestival, Siderfesten, Hardanger spillfestival o.a.

Spildegarden
Aktiviteter

Spildegarden

I fire generasjonar har Spildegarden produsert smakfulle produkt i den idylliske fjordbygda Øystese. Det er ikkje utan grunn at dei vert kalla for sideri og eplemostspesialisten i Hardanger. Hos Jane og Geir Henning k...

Steinparken i Rosendal
Attraksjoner

Steinparken i Rosendal

Steinparken ligg sentralt i Rosendal og er eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark. I parken er det ei samling av forskjellige steinarter frå regionen og utstillingar med prehistorisk tema.

Steinsdalsfossen
Attraksjoner

Steinsdalsfossen

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Syse Gard
Aktiviteter

Syse Gard

Syse Gard ligg langs frukt- og siderruta i Ulvik og er ein av dei tre besøksgardane. Syse Gard er ein tradisjonell vestnorsk gard med fruktdyrking og sauehald, og den er også eit Économusée.

Ulvik Frukt & Cideri
Aktiviteter

Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt & Cideri er den fyrste av tre gardar langs den einaste frukt- og siderrruta i Noreg. Garden byr på omvisingar og lokale smakar i form av eplesaft, sider og andre smakfulle gleder.

Sjå alle

Fleire reisetips