Trolltunga 2
Facility Bath Jeanett Okland
Web VFH Haara 2022 187 A3128
Bat i Sorfjorden

Ferieforslag i Hardanger og Ullensvang

Planlegg du ferie i Noreg denne sommaren? Få destinasjonar kan skilta med spektakulære fjelltoppar, stort spekter av opplevingar og kort veg mellom store høgdepunkt på éin og same plass. Det kan imidlertid Hardanger.

Opplev Trolltunga – den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Uavhengig om du er ei fjellgeit eller om du aldri har vore på ein fjelltopp før, så tek utsikta frå Trolltunga pusta frå dei fleste. Det å stå på tuppen av tunga, svevande 700 meter over Ringedalsvatnet medan du skimtar isbreen Folgefonna i bakgrunnen, er vanskeleg å skildra med ord. Det er blant dei tinga du rett og slett må oppleva sjølv.

Og etter ein lang dag med minnerike aktivitetar i høgfjellet, skal det godt gjerast å ikkje finna roen på Hotel Ullensvang. Her kan du nyta utsikta til Hardangerfjorden og Folgefonna frå dei komfortable fasilitetane i hagen eller oppvarma bassenga rett i fjordkanten.

Berre eit steinkast unna Hotel Ullensvang kan du hoppa om bord sightseeing-båten til The Fjords og koma tett på majestetiske fjelltoppar, buldrande fossar, sjarmerande fjordbygder og hundretusenvis av frukttre i Sørfjorden – den største frukthagen i Noreg.

Legg sommarferien til Hardanger og opplev kvifor regionen har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Her får ein oppleva natur og aktivitetar ein ikkje finn andre stader.

rose

Det er lett å forstå kvifor Hardanger har vore på bucketlista til turistar gjennom fleire generasjonar. Midt i hjarta av regionen – nærmare bestemt i Sørfjorden og Ullensvang – ventar ei perlerad av unike opplevingar som vil gjera deg mållaus.

Uansett kvar du snur deg, blir du møtt av eit sjeldan frodig og fortryllande vakkert landskap. Her er ein omkransa av stupbratte fjell, sjarmerande bygder, gjeve attraksjonar og aktivitetar. Dronningstien, Mikkelparken, Husedalen og Oksen ligg praktisk plassert rett rundt hjørnet, men det er utan tvil Trolltunga som har størst tiltrekkingskraft. Folk frå heile verda viar faktisk ferien sin til Noreg og Hardanger berre for å oppleva Trolltunga.

Web Trolltunga Bergen Edit 2
Trolltunga hike 1
Trolltunga Adventures 1
rose

Sjølve turen er lang og krevjande, men følelsen av å stå på tunga etter å ha gått stien opp, gjer det heile verdt det. Det er også mogleg å gå med guide for å gjera turen så trygg som mogleg. Dei gode historiene til dei dyktige guidane frå Trolltunga Active og Trolltunga Adventures, gjer også turen ekstra minneverdig!

Men Trolltunga er eit eventyrleg reisemål som ein bør ta seg god tid til å nyta. Sidan det er såpass mange andre attraksjonar i nærleiken – kombinert med at sjølve turen er ein heildagstur – bør ein ha fleire overnattingar når ein fyrst er i Hardanger og Sørfjorden.

Facility Bath Jeanett Okland
Facility Bath Adult area 2 Jeanett Okland
rose

Og når ein fyrst skal tilbringa nokre netter i regionen, er det vanskeleg å ikkje nemna Hotel Ullensvang. Kombinasjonen av fasilitetane, historia og vertskapsrolla, som er perfeksjonert sidan dørene opna for fyrste gong i 1846, gjer at hotellet vert rekna som blant dei beste i heile Noreg. Få hotell eignar seg betre til å lada batteria og nyta naturen enn det tradisjonsrike hotellet i fjordkanten på Lofthus. I tillegg til dei makelause basseng-, velvære-, sports- og fritidsavdelingane, vert ein servert den eine lokale delikatessa etter den andre i restauranten deira.

Eit godt tips er å spasera bort til kaien på Lofthus og hoppa på eit fjordcruise med The Fjords. Sightseeing-båten Aurora of the fjords går i rute mellom Lofthus, Aga, Børve, Nå, Tyssedal og Odda om sommaren.

Web Sorfjorden The Fjords 2
Web Sorfjorden The Fjords
Web VFH Haara 2022 187 A3734
rose

Sørfjorden er ein relativt smal og verkeleg spektakulær fjordarm. Her kan ein gli innover og nyta framifrå utsikt til natur som har vore til inspirasjon for blant anna Edvard Grieg, maleriet «brudeferd i Hardanger» og ei rekke andre kunstnarar gjennom åra. Og om bord fjordcruiset, kan ein nyta lokal mat og drikke til sals på båten.
Det er også mogleg å kombinera denne turen med besøk til ulike fruktgardar og siderprodusentar undervegs. Uavhengig av korleis du ynskjer det, er denne sightseeing-ruta noko du ikkje kjem til å angra på!

Trolltunga, Hotel Ullensvang og sightseeing med The Fjords kombinerer mykje av det beste Hardanger har å by på; fjord, fjell, historie og lokale delikatesser i spektakulære rammer. Det er en perfekte oppskrifta for ein minnerik sommarferie i Sørfjorden og Ullensvang.

Velkomen til Hardanger!

Andre kjekke opplevingar i nærleiken

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur
Aktiviteter

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Mikkelparken
Aktiviteter

Mikkelparken

I Mikkelparken familiepark er det mykje moro for barn mellom 1-10 år! Familieparken ligg i Kinsarvik mellom fjord og fjell. I Mikkelparken er eit spennande område for leik i vatn med tre basseng, vatnsklier, vatnkanon...

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden
Aktiviteter

Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden

Denne sesongen vil Aurora of The Fjords dagleg gå i rute i Hardangerfjorden, frå Eidfjord og Ulvik til Odda. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.

Hanakamb
Aktiviteter

Hanakamb

Hanakamb er fjellturen som har alt: Storslagen utsikt til Hardangerfjorden, majestetiske fjellrekker, Folgefonna isbre, turkist brevatn og grøne dalsider.

Tyssedal Via Ferrata - Trolltunga Active
Aktiviteter

Tyssedal Via Ferrata - Trolltunga Active

Visste du at nesten all straum i Noreg er produsert av vasskraft? Opplev korleis det heile starta på ein guida Via Ferrata-tur med Trolltunga Active i Tyssedal.

Kraftmuseet
Attraksjoner

Kraftmuseet

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då ...

Hardanger folkemuseum
Attraksjoner

Hardanger folkemuseum

Hardanger Folkemuseum er ein del av Hardanger og Voss Museum og ligg på Utne. I hovudbygget kan du sjå utstillingar av hardangersaum, bunad og folkemusikk. I tillegg kan du også besøkja friluftsmuseum med historiske bygningar som høyrer til folkemuseet.

Edel Sider, Åkre Gard
Aktiviteter

Edel Sider, Åkre Gard

På vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ligg Åkre Gard optimalt plassert for produksjon av gode, tradisjonsrike Hardanger-eple. Her har dei dyrka frukt i heile åtte generasjonar, men dei siste åra har dei fokusert på ...

Aga Sideri
Aktiviteter

Aga Sideri

Aga Sideri ligg idyllisk ved Sørfjorden i Ullensvang. Her produserer dei Sider frå Hardanger som du kan smaka og kjøpa i samband med ei omvising og gardsbesøk på Aga.

Kajakktur med Trolltunga Active
Aktiviteter

Kajakktur med Trolltunga Active

Ein kajakktur – anten på Hardangerfjorden med Hotel Ullensvang som møtepunkt eller på Sandvinsvatnet – der du får oppleva flott natur i vinterdrakt. Alt av utstyr inkludert, og guiden lærar deg å padle.

Alde Sider
Aktiviteter

Alde Sider

Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på Bleie Gard i Sørfjorden. Saft- og siderprodusenten som i 2018 blei kåra til den beste i Noreg, sel dei edle dråpane frå både garden og Vinmonopolet.

Fossanes dal
Attraksjoner

Fossanes dal

Oddadalen - eit vakkert stykke urørt landskap langs RV 13! I denne særprega dalen ligg fossane som perler på ei snor innanfor ein avstand på 10 km: Tjørnadalsfoss, Strandfoss, Vidfoss, Espelandsfoss og Låtefoss som al...

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski
Aktiviteter

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

FONNA Glacier Ski Resort er eit sommarskisenter som ligg på Folgefonna. Frå kanten av Hardangerfjorden i Jondal kan du køyra heilt opp til breen og skisenteret på den 19km lange Glacier Road.

Elvedalen på Lofthus
Aktiviteter

Elvedalen på Lofthus

Elvedalen rundt. Dramatisk natur lett tilgjengeleg.

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures

Villmarktur på Hardangervidda, med unik oppleving av fjellformasjonen Trolltunga. På denne turen kjem du tett på urørt natur, med god tid til kjenne på roen og å ta inn inntrykka.

Fruktstien
Aktiviteter

Fruktstien

Fruktstien. Idyllisk kulturlandskap for alle Startpunkt  Fruktstien kan ein lett koma seg på frå mange plassar: Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim, Hardanger Vandrarheim, og ved daglegvarebu...

Hardangergutane
Aktiviteter

Hardangergutane

Hardangergutane produserer eplemost og sider fra kvalitetseple i Hardanger.

Helleland Gard
Aktiviteter

Helleland Gard

Kjøp, smak og nyt eplemost & sider frå Hardanger hjå Helleland Gard på Lofthus. På garden kan du også booka deg sidersmaking med ost og spekemat.

KraftLaben
Aktiviteter

KraftLaben

Interaktive utstillingar, eksperiment og vitenshow. Ute er ny og flott vitenpark. Dette er ein spennande tomleplass med leik og læring for heile familien! Facebook

Låtefoss
Attraksjoner

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Nasjonal Turistveg Hardanger
Attraksjoner

Nasjonal Turistveg Hardanger

Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.

Nasjonalparkgården
Aktiviteter

Nasjonalparkgården

Nasjonalparkgården på Buer er Odda Kommune sin innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark. Som eit ideelt startpunkt for turar til både Buerbreen og Reinanuten, har Buer vore eit ynda reisemål så lenge det har vore turistar i Hardanger.

Oksen
Aktiviteter

Oksen

Nyt 360 graders nydeleg utsikt frå toppen av Oksen, kor du ser Hardangerfjorden, Granvinfjorden, Sørfjorden og Eidfjorden. Det er ein krevjande tur med mange høgdemeter som skal bestigast.

Trolltunga Active
Aktiviteter

Trolltunga Active

Opplev ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i verda saman med Trolltunga Active. Aktivitetsselskapet og dei spesialutdanna guidane deira tilbyd eit tosifra antall spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga – heile året.

Sjå alle

Fleire reisetips