Christer Økland Hardangerfjord Hotel
Odda sentrum Kred Visit Hardangerfjord

Christer's favorittar til julebaksten

Christer Økland deler to av sine favorittar til julebaksten. Kan det friste med ein Hardanger-vri på pepperkakene denne jula?

Christer Økland, direktør for mat og drikke på Fjordtind-hotella, er kjend for sin kjærleik for kortreiste ingrediensar og kvalitetsmat. Også julebaksten kjem med eit Hardangerpreg.

Christer Økland deler to av sine favorittoppskriftar til julebaksten. Frister det med ein Hardanger-vri på pepperkakene i år?

Pepperkake
rose

Jula er ikkje komplett utan heimelaga julekaker. Her kan du prøve deg på Christer's eigne favorittar - med ein liten Hardanger-vri:

Mjuke Pepperkaker:

Denne lokale favoritten vil fortrylle smaksløkane dine. Kombinasjonen mørk sirup og mandelmjøl gir desse pepperkakene ein unik Hardanger-vri. Følg oppskrifta nøye for å skape magiske øyeblikk rundt kjøkenbordet.

Ingrediensar:

  • 200 g mørk sirup
  • 800 g melis
  • 800 g eggekvite
  • 320 g mandelmjøl
  • 320 g hvetemjøl
  • 4 g bakepulver
  • 4 g salt
  • 1 ts malt nellik
  • 1 ts malt ingefær
  • 2 ts malt kanel
  • 800 g brunt smør

Bland sirup og alt det tørre i ein Kenwood-bolle, byrj å visp medan du sper i det brune smøret. Visp til alt er godt blanda.

Christer Økland Hardangerfjord Hotel
rose

Havreflarn dyppa i sjokolade:

Christer har også ei uimotståeleg oppskrift på havreflan på lur - ein perfekt kombinasjon av søtt og sprøtt.

Ingrediensar:

  • 1 egg
  • 125 g sukker
  • 1 ts vaniljesukker
  • 75 g smør
  • 100 g havregryn (små, lettkokte)
  • 100 g mørk sjokolade (frå fjåk)

Egg og sukker piskast til eggdosis. Smelt smøret og rør det inn. Bakepulver og havregryn vendast inn, blandast godt. Leggast så utover brett etter ønska storleik, med noko mellomrom slik at dei ikkje smeltar saman. Steikast ved 200 grader i ca. 5 minuttar med låg vifte på omnen. Steik fort! La dei kjøle seg og dypp i smelta sjokolade.

rose

På Fjordtind-hotella er magisk i førjulstida. Hardangerfjord Hotel er ope heile året, og i den fantastiske restauranten på hotellet, restaurant Glime, arrangeres julebord for lokale og tilreisande gjennom heile førjulstida. Brakanes og Vøringfoss er vinterstengt, men også desse opnar dørene før jul og skapar ei varm julestemning med deilige rettar og stemningsfull atmosfære.

Utforsk meir av Hardanger

Sjå alle

Fleire reisetips