Salmon Eye Iris Rosendal

Det mest populære i Hardanger

I år, som alle andre år, stod den mektige Vøringsfossen på mange turistar si bucketliste i Hardanger. Det er lett å skjøna kvifor!

Det same kan seiast om Trolltunga - den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. For mange, spesielt utanlandske turistar, er dette den mest kjende attraksjonen i heile Hardanger. Denne utsikta tek pusten frå dei fleste.

Men det er ikkje berre dei høge toppane som er populære. Også opplevingar langs fjorden er noko turistane vil få med seg. Iris Expedition Dining er eit prakteksemplar på dette. Restauranten, som opna denne sommaren, har gått viralt på SoMe dei siste månadane.

Bli inspirert og få komplett oversikt over det mest populære blant turistane i Hardanger denne sesongen.

rose

Hardanger, med alle sine eventyrlege opplevingar og makalause natur, er ein region som har det meste og passar for dei fleste. Barne- og familieferie, fjordopplevingar, spektakulære fjellturar, eller utforsking av isbrear. Det speler ingen rolle – det manglar ikkje på alternativ. Her er nokre av favorittane til dei som har tatt turen til Hardanger i år (tilfeldig rekkefylgje).

rose

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur, også kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei desidert mest populære og vakraste fotturane i Noreg. Med nydeleg utsikt til Sørfjorden, isbreen Folgefonna og andre perler i Hardanger langs heile turen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favorittane til både H.M. Dronning Sonja og turistane i regionen.

rose

Trolltunga er blant dei mest kjende attraksjonane og kanskje den mest spektakulære fjellformasjonen i heile Noreg. Det som byrja med eit «heilt vanleg» fjellplatå over Ringedalsvatnet, har utvikla seg til å verta ein destinasjon folk vitjar frå alle deler av verda. Det er mange måtar å oppleva ikonet på – både med og utan guide – heile året.

PS: Du får definitivt mest igjen for ei guida oppleving med enten Trolltunga Active eller Trolltunga Adventures.

rose

Sider frå Hardanger har eksplodert i popularitet dei siste åra. Stadig fleire har fått augo opp for det prisvinnande produktet, og no kan du oppleva det beste frå to verdenar med sidersafari i Sørfjorden med The Fjords. Deira fjord-sightseeing kan kombinerast med gardsbesøk og sidersmaking hjå ei rekke ulike produsentar. Dette er verkeleg ei spektakulær oppleving – uavhengig om du berre vil gli innover fjorden, eller om du også vil smaka på dei edle dråpane regionen har å by på.

DSC02828
Steinsdalsfossen 0669
Steinsdalsfossen 09095
Voringsfossen 0319
rose

Visste du at fleire av Norges mest spektakulære fossar ligg i Hardanger-regionen? Dei mest kjende er Låtefoss, Steinsdalsfossen og Vøringsfossen. Alle tre ligg lett tilgjengeleg langs Nasjonal Turistveg Hardanger og Nasjonal Turistveg Hardangervidda. Husedalen er også svært populær blant turistane i regionen. Her må ein ta beina fatt, men til gjengjeld ligg fossane som perler på ei snor på veg opp mot Hardangervidda Nasjonalpark.

Sjå her for full oversikt over ulike fossar i Hardanger.

rose

Kvinnherad er velsigna med slåande vakre fotospots. Har du vore på Instagram dei siste åra, er det på grensa til umogleg om du ikkje har kome over bilete eller film av Bondhusvatnet. Fargane i vatnet, det unike landskapet og brearmen i bakgrunnen gjer at Bondhusdalen siglar fram som blant dei aller vakraste dalføra i Noreg. Du kjem til å skjøna det sjølv når du står der!

Treng du fleire tips til kjekke opplevingar i Hardanger? I topplista under finn du alle dei mest populære turane, attraksjonane og aktivitetane frå Hardanger-regionen i 2023. Take your pick!

Topplista i Hardanger-regionen

Bondhusvatnet
Attraksjoner

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Iris Expedition Dining - flytende restaurant på Salmon Eye
Servering

Iris Expedition Dining - flytende restaurant på Salmon Eye

Restaurant Iris tar deg med på konseptet "Expedition Dining" - ei reise av ei smaksoppleving gjennom ein 18-retters smaksmeny. Restaurant Iris er lokalisert midt ute på Hardangerfjorden på verdas største flytande kunstinstallasjon Salmon Eye.

Vøringsfossen
Attraksjoner

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Oksen
Aktiviteter

Oksen

Nyt 360 graders nydeleg utsikt frå toppen av Oksen, kor du ser Hardangerfjorden, Granvinfjorden, Sørfjorden og Eidfjorden. Det er ein krevjande tur med mange høgdemeter som skal bestigast.

Trolltunga
Aktiviteter

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden
Aktiviteter

Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden

Denne sesongen vil Aurora of The Fjords dagleg gå i rute i Hardangerfjorden, frå Eidfjord og Ulvik til Odda. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.

Steinsdalsfossen
Attraksjoner

Steinsdalsfossen

Gå tørrskodd bak ein av Noregs mest populære fossar. Steinsdalsfossen ligg lett tilgjengeleg og rett ved vegen nært Norheimsund.

Kjeåsen fjellgard i Eidfjord
Attraksjoner

Kjeåsen fjellgard i Eidfjord

Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.

Blåistur Blue Ice Hike -Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Blåistur Blue Ice Hike -Folgefonni Breførarlag

Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.

Baroniet Rosendal
Attraksjoner

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal er det einaste baroniet i Noreg og Skandinavias minste slott. Baroniet ligg sentralt i Rosendal og er kjent for sitt rike kulturprogram og sin rosehage.

Frukt- og Siderruta, Ulvik
Attraksjoner

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Hardangerfjord sightseeing
Aktiviteter

Hardangerfjord sightseeing

Opplev den storslagne Hardangerfjorden på sitt beste på fjordcruise med Norled turistbåtrute.

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski
Aktiviteter

FONNA Glacier Ski Resort, sommerski

FONNA Glacier Ski Resort er eit sommarskisenter som ligg på Folgefonna. Frå kanten av Hardangerfjorden i Jondal kan du køyra heilt opp til breen og skisenteret på den 19km lange Glacier Road.

Fin rundtur ved Vøringsfossen
Aktiviteter

Fin rundtur ved Vøringsfossen

Rundtur ved Vøringsfossen, inkludert både gamlebrua og den nye, spektakulære trappebrua.

Fire fantastiske Fossar, Husedalen
Aktiviteter

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Gangtid t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen er 5-6 t. Område...

Låtefoss
Attraksjoner

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Fonna1199 - Folgefonna Velkomstsenter
Attraksjoner

Fonna1199 - Folgefonna Velkomstsenter

Opplev reiselivsikonet Fonna1199 på toppen av isbreen Folgefonna! Det nye velkomstsenteret, med si unike arkitektoniske utforming, ligg berre eit steinkast unna sjølve isbreen.

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring
Aktiviteter

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring

Familievennlig brevandring med guide på Buarbreen i Hardanger. Bli med på ei kjekk oppleving beståande av isbre, fjellformasjonar og Nasjonalparkgården i Odda.

Buer Restaurant
Servering

Buer Restaurant

Med storslagen utsikt til Buarbreen ligg Buer restaurant idyllisk til i Buerdalen og byr på ei varm, ekte og uhøgtidleg atmosfære. Kokkar med erfaring frå Michelin-restaurantar lagar dei nydeligaste rettar basert på dagsferske lokale råvarer og saman med den spektakulære naturen er eit besøk hjå Buer restaurant ei magisk totaloppleving.

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Hardangerfjordekspressen Rødne
Aktiviteter

Hardangerfjordekspressen Rødne

Hardangerfjordekspressen tek deg med frå Bergen til Rosendal, der du kan besøke Baroniet med sin storslåtte rosehage, verdas største kunstinstallasjon Salmon Eye, få med deg interaktive utstillingar på Folgefonnsenteret, og mange fleire fantastiske opplevingar!

Mikkelparken
Aktiviteter

Mikkelparken

I Mikkelparken familiepark er det mykje moro for barn mellom 1-10 år! Familieparken ligg i Kinsarvik mellom fjord og fjell. I Mikkelparken er eit spennande område for leik i vatn med tre basseng, vatnsklier, vatnkanon...

Nasjonal Turistveg Hardanger
Attraksjoner

Nasjonal Turistveg Hardanger

Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.

Nasjonal Turistveg Hardangervidda
Attraksjoner

Nasjonal Turistveg Hardangervidda

Nasjonal turistveg Hardangervidda tar deg frå høgfjellsplatået Hardangervidda (1250 moh) til kanten av Hardangerfjorden. Ein stopp ved Vøringsfossen er obligatorisk!

Samlen - topptur
Aktiviteter

Samlen - topptur

Samlen byr på ein av dei finaste utsiktane i Hardanger. Frå toppen på 686 moh har du panoramautsikt både inn og ut fjorden - ein perfekt utfordring for ein kveldstur.

Trolltunga Active
Aktiviteter

Trolltunga Active

Opplev ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i verda saman med Trolltunga Active. Aktivitetsselskapet og dei spesialutdanna guidane deira tilbyd eit tosifra antall spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga – heile året.

Siderhuset Ola K
Servering

Siderhuset Ola K

Siderhuset Ola K er ein prisvinnande restaurant i Hardanger med fokus på lokale råvarer, Sider frå Hardanger og vin av høg kvalitet. Nydeleg plassering med fjord og fjell som bakteppe.

Sjå alle

Fleire reisetips