Turar

Fotturar i Hardanger

Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Oksen. Det manglar ikkje på kjende fotturar i Hardanger. Her i regionen finn du nemleg fleire av dei mest populære og fantastiske fotturane i heile Noreg.

rose
Visste du at?
To av dei mest populære fotturane i Noreg ligg i Hardanger?
I Hardanger finn du mange fotturar tilgjengeleg året rundt
Vøringsfossen fottur Marvin 8
Alle fotturar i Hardanger

Sjå alle dei ulike alternativa i regionen

Anten du vil utforska fjelltoppane eller om du berre vil strekka litt på beina, så finn du godt eigna turmål i heile regionen. Her får du full oversikt!

Sjå alle
Samlent x Yrjan Olsnes 2021 0373

Hardangervettreglane

1. Bruk tilrettelagde område for camping

Her gjeld ikkje allemannsretten: tettbygde strøk, rasteplassar, parkar og parkeringsplassar.

2. Skjul spora dine

Unngå å lage merke i naturen som vardar, teltringar og liknande. Lat dei som kjem etter deg, få ei like fin oppleving som deg.

3. Følg stien og unngå at nye stiar oppstår

4. Kast avfallet i søppeldunken

Er du i eit område der dunkar ikkje finst, må du sjølv ta med avfallet til eigna mottak.

5. Bruk etablerte toalett

Om dette ikkje er mogleg, grav eit hol i bakken. Unngå bruk av våtserviettar sidan dei har lang nedbrytingstid.

6. Respekter privat eigedom

Det er ikkje tillate å telte i utmark nærare enn 150 meter frå hus eller hytter. Telting på innmark kan berre skje etter avtale med grunneigar.

7. Vis omsyn i trafikken

Vegane i Hardanger er smale, og mange er på farten. Hald god avstand ved forbikøyring av syklistar, og ver særleg merksam på syklistar i tunnelane.

8. Bålforbod

Frå 15. april til 15. september gjeld eit generelt forbod mot bålbrenning og bruk av open eld. Bruk etablerte bålplassar og forviss deg om at det ikkje er fare for brann.

9. Vis respekt for dyre- og fugleliv

Uro ikkje viltet. Hugs bandtvang for hundar.

10. I di eiga og miljøet si interesse

Me tilrår organiserte aktivitetar i regi av aktivitetsverksemder. Du finn ei oversikt over desse på hardangerfjord.com

Hjølmaberget x Yrjan Olsnes 2021 0273