Web Trolltunga Bergen Edit 2
Trolltunga

Slik opplever du Trolltunga

I Hardanger finn du den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Når du står på platået og svevar 700 meter over Ringedalsvatnet, er det lett å forstå kvifor turistar frå heile verda kjem for å oppleva Trolltunga.

rose
Viktig informasjon
rose
Sommarsesongen til Trolltunga er 01. juni til 02. oktober.
rose
Det er anbefalt å gå med guide til Trolltunga. Erfaren turgåarar kan gå utan. Utanom sommarsesongen, må ein gå med guide.
rose
Vêret i høgfjellet endrar seg fort. Les vêrmeldinga nøye før turen.
rose
Planlegg turen din godt. Sjå Trolltunga.com for viktig informasjon før eventyret til Trolltunga.
rose

I hundrevis av år har det kome turistar frå alle verdshjørner til Hardanger. Her i regionen kan ein velja mellom fleire store og kjende ikon, men Trolltunga siglar fram som blant dei største – om ikkje det aller største ikonet i Hardanger og Noreg. Her får nemleg turistane ei unik oppleving du ikkje får andre stader. Det å stå på tuppen av tunga, svevande 700 meter over Ringedalsvatnet medan du skimtar isbreen Folgefonna i bakgrunnen, er vanskeleg å skildra med ord. Det er blant dei tinga du rett og slett må oppleva sjølv. På denne sida finn du all informasjon du treng før turen til Trolltunga. Alt frå transport og pakkeliste til guida turar med og utan overnatting.

Trolltunga - Simon Sjokvist
Tur utan guide

Sjølve turen til Trolltunga

Har du planar om å gå utan guide? Les deg opp her før du legg ut på eit eventyr i den norske fjellheimen. Trolltunga er nemleg ein lang og krevjande tur, så ein må førebu seg godt!

Sjå alle
rose

Trolltunga har tre forskjellige parkeringsplassar.

P1 Tyssedal
har 220 plassar og kostar 300 kroner for eitt døgn. Estimert gangtid frå P1 til Trolltunga er 15 timar tur/retur.

P2 Skjeggedal er hovudstartpunktet, har 180 plassar og kostar 500 kroner for eitt døgn. Her er estimert gangtid 8 – 12 timar tur/retur.

P3 Mågelitopp er ei privat parkering med plass til kun 30 bilar. Denne parkeringa kostar 600 kroner for eitt døgn, men bomavgift på 200 kroner kjem som tillegg. Denne parkeringsplassen må tingast på førehand! Estimert gangtid frå P3 er 7-10 timar tur/retur.

Det går skyttelbussar mellom Odda, P1 Tyssedal og P2 Skjeggedal. Frå P2 Skjeggedal går det skyttelbuss vidare til P3 Mågelitopp.

Sjå her for meir detaljert informasjon om parkering og transport.

Gåtur Trolltunga - Simon Sjokvist

Hardangervettreglane

1. Bruk tilrettelagde område for camping

Her gjeld ikkje allemannsretten: tettbygde strøk, rasteplassar, parkar og parkeringsplassar.

2. Skjul spora dine

Unngå å lage merke i naturen som vardar, teltringar og liknande. Lat dei som kjem etter deg, få ei like fin oppleving som deg.

3. Følg stien og unngå at nye stiar oppstår

4. Kast avfallet i søppeldunken

Er du i eit område der dunkar ikkje finst, må du sjølv ta med avfallet til eigna mottak.

5. Bruk etablerte toalett

Om dette ikkje er mogleg, grav eit hol i bakken. Unngå bruk av våtserviettar sidan dei har lang nedbrytingstid.

6. Respekter privat eigedom

Det er ikkje tillate å telte i utmark nærare enn 150 meter frå hus eller hytter. Telting på innmark kan berre skje etter avtale med grunneigar.

7. Vis omsyn i trafikken

Vegane i Hardanger er smale, og mange er på farten. Hald god avstand ved forbikøyring av syklistar, og ver særleg merksam på syklistar i tunnelane.

8. Bålforbod

Frå 15. april til 15. september gjeld eit generelt forbod mot bålbrenning og bruk av open eld. Bruk etablerte bålplassar og forviss deg om at det ikkje er fare for brann.

9. Vis respekt for dyre- og fugleliv

Uro ikkje viltet. Hugs bandtvang for hundar.

10. I di eiga og miljøet si interesse

Me tilrår organiserte aktivitetar i regi av aktivitetsverksemder. Du finn ei oversikt over desse på hardangerfjord.com

Sjå alle

Overnatting i nærleiken

Trolltunga Hotel
Overnatting

Trolltunga Hotel

Sov komfortabelt i nydelege omgjevnader på Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger. Hotellet er ei perfekt base for deg som vil gå Trolltunga eller vera med på ei anna av Trolltunga Active sine turar.

Tyssedal Hotel
Overnatting

Tyssedal Hotel

Like ved Kraftmuseet i Tyssedal ligg Tyssedal Hotel. Hotellet ligg også nært Skjeggedal og er dermed er eit godt utgangspunkt dersom du planlegg å ta turen til Trolltunga.

Hotel Ullensvang
Overnatting

Hotel Ullensvang

Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk...

Hardanger Hotel
Overnatting

Hardanger Hotel

I Odda sentrum, i gangavstand til butikkar, restaurantar og busstasjonen ligg Hardanger Hotel med flott utsikt over Hardangerfjorden. Hardanger Hotel er eit perfekt utgangspunkt for opplevingar og turar i regionen, som f...

Trolltunga Camping
Overnatting

Trolltunga Camping

Trolltunga camping ligg idyllisk til i Odda, midt mellom to nasjonalparkar. Omgitt av kontrastrik natur, stille vatn, høge fjell med snø på toppane, fossar og isbre berre nokre kilometer frå campingplassen! Campingen...

Trolltunga Hostel
Overnatting

Trolltunga Hostel

Trolltunga Hostel tilbyr rimeleg overnatting i Tyssedal - ikkje langt unna startpunktet for fotturen til Trolltunga.

Trolltunga Aparthotel
Overnatting

Trolltunga Aparthotel

Trolltunga Aparthotel er eit sjarmerande leilegheitshotell i Tyssedal - omkransa av stupbratte fjellsider og utsikt til Hardangerfjorden.

Slottet Apartments
Overnatting

Slottet Apartments

Slottet Apartments tilbyr komfortabel overnatting med fjordutsikt i Tyssedal - ikkje langt unna startpunktet til Trolltunga.

Web Trolltunga 9