I utstillingane får du utforska ulike sider ved diktinga til Hauge og hans særeigne liv. Du kan sjå den omfattande boksamlinga hans og bli kjend med forfattarane som inspirerte han. Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som du både kan sjå, høyre og ta på. I poesiverkstaden kan du lata deg inspirera til å skriva dikt sjølv. Gjennom heile sommarsesongen kan du òg sjå dokumentarfilmen “Ordmeisteren Hauge” av Randi Storaas.
I den nye temautstillinga om Jon Fosse kan du utforska mangfaldet hjå den nobelprisvinnande diktaren, forfattaren og dramatikaren frå Strandebarm.
Grupper kan tinga omvising i utstillinga, poetisk skrivekurs og filmframsyning, og få eit utvida møte med Olav H. Hauge sitt liv og verk gjennom våre dyktige formidlarar.
For borna
Haugesenteret har fleire aktivitetar for born og unge. Kattejakta er eit aktivitetstilbod for dei minste. Katten til Hauge har gøymd seg fleire stadar i utstillinga. Ved å fylgja kattespora finn borna katten på uventa stader, og vert kjende med både diktaren og katten. Utebiblioteket på Tunheim har bøker for både store og små. Her kan born og vaksne lesa ute i det fri og nyta utsikta over bygda. Dette er eit samarbeid med Gløgg 4H og Ulvik Turlag. Bokstavjakta tek jegerane med på eventyr rundt om i Ulvik. Løypa har ei rekkje postar med ein bokstav kvar til løysingsordet, i tillegg til lesetips, turtips og anna innhald.
Opplevingar
Haugesenteret byd på eit breitt og spennande kulturprogram gjennom heile året. Her kan du få alt frå store konsertopplevingar til nære forfattarmøte, diktopplesingar, faglege føredrag og gode samtalar. Det er også fine lesestunder, kreative verkstadar og varierte framsyningar for borna.
Poesifestivalen
Annakvart år i september arrangerer Haugesenteret den tradisjonsrike Poesifestivalen, der ein får oppleva lyrikk og musikk i poesi- og eplebygda Ulvik. Festivalen utmerkjer seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt. I tillegg til profilerte norske og nordiske poetar gjestar også kjende og kjære songlyrikarar festivalen.
Museumsbutikken
Haugesenteret har ein museumsbutikk med eit breitt utval av bøker om og av Olav H. Hauge, samtidslyrikk og nynorsk litteratur for born og vaksne. Her kan du òg finna ei rekkje gåveartiklar til små og store, lokale handverksprodukt og varer utvikla av Haugesenteret sjølv.
Opningstider
februar–30. april
Måndag: stengt
Tysdag–fredag: 10.00–15.00
Laurdag og sundag: stengt
1. mai–31. august
Måndag: stengt
Tysdag–fredag: 10.00–15.30
Laurdag og sundag: 11.00-16.00
1. september–20. desember
Måndag: stengt
Tysdag–fredag: 10.00–15.00
Laurdag og sundag: stengt
2. januar–31.januar
Ope for skular, barnehagar, grupper og arrangement etter avtale. Ta kontakt på haugesenteret@nynorsk.no
Museet er stengt skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, fyrste påskedag, 17. mai, Kristi himmelfartsdag, 2. pinsedag, romjula, og fyrste nyttårsdag.
Prisar
Vaksen kr 110
Rabattpris kr 75
Mållaget, Venelaget Vinje, Venelaget Hauge, tilsette/medlemmar i stiftarinstitusjonane
Barn/student
Fri inngang
Sommarpass
kr 55
Gruppeomvising
kr 160 per person
Skrivekurs
kr 200 per person
Gruppeomvising og skrivekurs
kr 300 per person
Tillegg for gruppebesøk utanom opningstid
kr 1500
I sommarsesongen frå 24. juni til 18. august er det dagleg omvising i utstillinga kl. 12.30. Omvisinga er inkludert i museumsbilletten.
Skular og barnehagar med formidlingsopplegg
Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis. Ta kontakt på førehand på haugesenteret@nynorsk.no eller telefon 40 43 60 95.
Følgjekort (ofte kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov)
Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på haugesenteret@nynorsk.no eller telefon 56 52 70 70.
Billettsal
Billettsalet er i betent resepsjon. For arrangement kan ein kjøpe billettar på førehand, på denne heimesida, eller på appen e-billett. Ver obs på at billettar for følgjekort (også kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov) må bestillast på e-post eller telefon.
Sjå nynorsk.no for meir informasjon