Hardanger Matsymposium 2025

Hardanger Matsymposium 2025
Jun.
20-21

HARDANGER MATSYMPOSIUM 2025 Hardanger Matsymposium invitera til festival i Holmen kulturpark 20. og 21. juni. Sjå programmet her

Booking

Om

PROGRAM fredag 20. juni: 13:00-15:00: Me startar dagen med ein aktuell Workshop; "Besøksforvaltning". Kva er besøksforvaltning og kor mange har vi plass til? Korleis bruka Besøksforvaltning som verktøy for å sikra berekraftig utvikling og samtidig gi grunnlag for brei lokal verdiskapning i bygdene våre. Prosjektleiar Britt Dalland frå Vestland Fylke kjem og held eit innlegg og svarar på spørsmål, informera og engasjera! Møteleiar er Per Gunnar Hettervik, seniorrådgiver for mat, kultur og opplevelser i Norges Vel. Arrangementet er gratis og åpent for alle. Me møtes i gulehuset på Hjeltnes. Påmelding på Ticketmaster.no‍ 15:00-23:00 HAGEKAFÈ Smårettar og Hardangerdrykk 16:00 SILDEBORD I NAUSTET Langbord med eit hav av smakar. 12 ulike smårettar tilpassa lokal sider. Påmelding kr. 675. (UTSOLGT!)‍ 18:00 SMAKSVERKSTAD I TELTET VED FJORDEN "Norge møter Frankrike" Sidersmaking med pommelier og sommelier David Gyllander. Påmelding kr. 350 (18 års aldersgrense) 16:30 & 18:00 SMAKSVERKSTAD I KJELLAREN Hiernagla småskala handverksbrenneri frå Sveio har ambisjonar om å lage verdens beste single malt whisky! Dei inviterer på smaksprøver av sine produkt i kjellaren i Isdalshuset. (20 års aldersgrense)‍ LAURDAG 21. JUNI 11:00-12:00 VANDRING ETTER VILLE VEKSTAR Geir Flatabø tek oss med på jakt etter etande ville vekstar. Geir er kjent for mange, men for dei ukjente så kan me fortelja kort at han har stor kunnskap om heilhetleg medisin og nyttevekstar. Han visa oss og fortel om nyttevekstane me kan finna i bygda. Turen startar i tunet på Hjeltnes. Påmelding, kr. 50. 12:00-23:00 HAGEKAFÈ‍ 12:00 OPNING AV "CATHARINE HERMINE KØLLE UTSTILLING" I ISDALSHUSET ved prosjektleiar Geir Sigmund Netland. Akvarellar av Noregs fyrste kvinnelege kunstmålar, fotturist og reiseskribent. 12:00-17:00 HAGEMARKNAD Sal av sommarblomar frå Hjeltnes Gartneri.‍ 13:00-16:00 GRILLING I HAGEN Me grillar lam frå Solheim og kalvekjøt frå Larsastova.‍ 14:00 "AFTERNOON CIDER" I TELTET VED FJORDEN Bordsete invitera på smaksrike smårettar tilpassa lokal sider. Påmelding, kr. 675. 16:00 SILDEBORD I NAUSTET Langbord med eit hav av smakar. 12 ulike smårettar tilpassa lokal sider. Påmelding, kr. 675.‍ 17:30 SMAKSVERKSTAD I TELTET VED FJORDEN “Norge møter Frankrike”. Sidersmaking med pommelier og sommelier David Gyllander. Påmelding, kr. 350.‍ ( 18 års aldersgrense) 16:30 & 18:00 SMAKSVERKSTAD I KJELLAREN Hiernagla småskala handverksbrenneri frå Sveio har ambisjonar om å lage verdens beste single malt whisky! Dei inviterer på smaksprøvar av sine produkt. (20 års aldersgrense) Påmelding, kr. 350.‍ 19:00 KONSERT I HAGEMAFIÈT Matti Røssland Trio. "Sprudlande og rocka. Varmt og fengande. Stille og vakkert" Billettar på TicketCo kr. 200. 18 års aldersgrense. (Verge ordning.‍). Fri inngang på festivalområdet fram til konserten kl. 19:00. Påmelding til Smaksverkstadar, Sildebord og Afternoon Cider på Ticketmaster.no Samarbeidspartnarar og sponsorar 2025: Norges Sildesalgslag Hardanger Bestikk Ulvik Bygdekvinnelag Fagskulen Hjeltnes Holmen kulturpark Lyden av Ulvik

Kart