H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.
Kontaktinformasjon
Om
NB! Sjå oppdatert informasjon om parkeringstilhøva lengre nede i turskildringa og kart over parkeringsområda i biletkarusellen
Det pågår for tida skogsarbeid langs skogsvegen på Lofthus frå måndag til torsdag fram til slutten av juni. Vis omsyn til maskiner og tømmerbilar, hald god avstand til arbeidsområdet og følg skilting på staden. Det er ikkje tillate å opphalde seg ved tømmeropplag.
Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur, også kjent som Dronningstien i Hardanger, har dei siste åra sigla fram som blant dei mest populære og vakraste fotturane i Noreg. Med spektakulær utsikt til Sørfjorden langs heile turen, er det lett å forstå kvifor H.M. Dronning Sonja har dette som ein av sine favorittar.
- Lengde i km 14,1
- Parkeringsplass ute - avgiftsbelagt
- Ekspert
- Fargegradert turmerking
- August
- Høst
- Juli
- Juni
- Oktober
- September
- Sommer
- Kjelke
- 6 timer
- 7 timer
- 8 timer
- 9 timer