"Hald fana høgt!" Gratis foredrag
Alle som kjenner til «Slaget i Skrevet» veit kor stor symbolverdi ei fane kan ha! Velkommen til gratis foredrag om biletspråket i arbeidarrørsla sine faner.
Kontaktinformasjon
Om
Alle som kjenner til «Slaget i Skrevet» veit kor stor symbolverdi ei fane kan ha! Velkommen til gratis foredrag om biletspråket i arbeidarrørsla sine faner ved Susanne Grina Lange.
Fanene var tett knytta opp mot foreiningsstoltheit og behovet for eit samlande identitetssymbol. Fanene var foreninga sitt ansikt utad, men signaliserte også ei bodskap til dei som gjekk under dei.
Det var ei kostbar affære å gå til anskaffing av ei fane, gjerne det største enkeltutlegget ei foreining hadde.
Fanene har framleis stor verdi, ikkje berre som politiske symbol, men også som kunstgjenstandar og kulturminne. Symbolbruken i fanekunsten er ein av bærebjelkane for å forstå bodskapen i ei fane.