Opplev førjulstida i Hardanger

Ullensvang Hotel 22 of 31
Agatunet jul

Kom til Hardanger, finn roa og la freden senke seg i førjulstida. Her kan du kombinere Hardanger-helg, turar og aktivitetar med mange kjekke jule-arrangement.

rose

Kva med å sjekke inn og pusta ut på Hotel Ullensvang i Sørfjorden? Hotellet, som kan skilta med inne- og utebasseng, samt velvære-anlegg, lanserer i desse dagar ferdige vinterpakkar frå hotellet. Dette gjer dei i samarbeid med Trolltunga Active og Røldal Skisenter, så her kan du velja mellom mange ulike vintereventyr.

rose

Trolltunga Active tilbyr eit tosifra antal spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga til både nybegynnarar og ekspertar. Sjå føre deg ein tur til Trolltunga på truger! Det er noko heilt spesielt og noko du seint vil gløyma!

Og når me snakkar om spesielt; Røldal skisenter er rekna som blant dei beste områda i Noreg når det kjem til off-piste og frikøyring. Skisenteret ligg over tregrensa, så ein vert ikkje bunde fast til tronge trasear i skogen. Du kan boltra deg akkurat kvar du vil i fjellet med om lag 12 nedfartar og ei samla lengde på 15 kilometer. Perfekt for heile familien!

I Øystese har Hardangerfjord hotel ope. Dei har samarbeid med Hardangerbadet - til bornas store glede, og Hardangerfjord Adventure som kan gje deg ein spanande tur på fjorden med Rib. Ein kan handle julegåver i form av kortreist sider og mat hjå bonden sjølv.

rose

Eit godt tips er å kombinera dette med alt det spanande som skjer i Hardanger-regionen før jula, som til dømes boklansering og adventskafé i Agatunet, julekino i Røldal og i Kabuso (Øystese), jolatorg på Nao, og fleire konsertar i heile regionen. Alternativa er mange!

Trolltunga Active
Aktiviteter

Trolltunga Active

Opplev ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i verda saman med Trolltunga Active. Aktivitetsselskapet og dei spesialutdanna guidane deira tilbyd eit tosifra antall spanande aktivitetar på og rundt Trolltunga – heile året.

Røldal Skisenter
Aktiviteter

Røldal Skisenter

Stå på ski i Hardanger. Røldal Skisenter, blant dei mest snøsikre skianleggene i Norge, er perfekt for både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar.

Hardangerfjord Adventure
Aktiviteter

Hardangerfjord Adventure

Opplev magisk fjordlandskap på Hardangerfjord Adventure sine RIB-safari eller saman med deira fjellguidar!

Hotel Ullensvang
Overnatting

Hotel Ullensvang

Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.

Hardangerfjord Hotel
Overnatting

Hardangerfjord Hotel

Nyoppussa Hardangerfjord Hotel ligg idyllisk til ved fjordkanten i Øystese, berre ein times tid frå Bergen, med fantastisk utsikt mot Hardangerfjorden, fjella og isbreen Folgefonna. Gjestane får oppleva fjord og fjell gjennom heile året, og med variasjonen i årstidene vert det aldri kjedeleg.

Hardangerbadet
Aktiviteter

Hardangerbadet

Nede ved fjorden i Øystese sentrum, finn du det nye Hardangerbadet. Fyrtårnsprosjektet inneheld bade- og symjeanlegg, helsepark, treningsanlegg og visningssenter for laks. Symjeanlegget, med 25 metersbasseng, samt familie- og terapibasseng, er kjerna i Hardangerbadet.

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum
Attraksjoner

Kunsthuset Kabuso & Ingebrigt Vik Museum

Kunsthuset Kabuso har skiftande utstillingar, konsertar og andre arrangement heile året. Magiske lysopplevingar i Hardanger Skyspace - lysinstallasjon av den amerikanske kunstnaren James Turrell. Ingebrigt Vik museum ...

Hardanger Skyspace
Aktiviteter

Hardanger Skyspace

Hardanger Skyspace er eit av dei kjente lysverka til den amerikanske kunstnaren James Turrell. Lysinstallasjonen er plassert rett ved fjordkanten i Øystese, like ved kunsthuset Kabuso. Innanifrå kan du nyta heilt spesielle soloppgangs og solnedgangsopplevingar.

Heit Sørfjorden Sauna
Aktiviteter

Heit Sørfjorden Sauna

Heit Sørfjorden Sauna tilbyr ein dampande sauna og eit friskt fjordbad. Nyt utsikta til fjord, fjell og fonn frå den flotte saunen på Børve, 5,7 km sør for Lofthus. Saunaen står plassert heilt ytst på kaikanten m...

Kraftmuseet
Attraksjoner

Kraftmuseet

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då ...

Sjå alle

Fleire reisetips