I Hardanger-regionen finn du ei rekke unike overnattingsstader. Alt frå tradisjonsrike og fleire hundre år gamle hotell til tretopphytter midt i naturen, som blant anna Woodnest. I hyttene deira, som er ein attraksjon i seg sjølv, kan du kjenna på roen og nyta utsikta til den vakre Sørfjorden.
Det same kan seiast om Hardanger Panorama Lodge i Ulvik. Tenk å starta dagen til lyden av fuglesang og denne utsikta frå ei tretopphytte!
Eller å vakna til lyden av Vøringsfossen - det mest spektakulære fossefallet i heile Noreg! Fossli Hotel, frå 1891, har ei unik plassering rett ved utsiktspunktet for Norges mest kjende foss.
Har du nokon gong campa i lause lufta, fleire hundre meter over bakken? Det kan du no gjera på cliff-camping saman med Estangard - ikkje langt unna startpunktet for turen til Trolltunga.
Og når ein fyrst er inne på Trolltunga, kjem ein ikkje utanom den gjennomsiktige domen til Trolltunga Active. På denne overnattingsturen får du oppleva både den makelause solnedgangen og soloppgangen på Trolltunga - den mest populære fjellformasjonen i heile Noreg.
Hardanger byr på meir enn eventyrleg vakker natur – her finn du ei rekke unike overnattingar som gjer ferien din til ei oppleving utanom det vanlege.
Når du planlegg eit opphald i Hardanger, handlar det ikkje berre om kor du skal sova – det handlar om totalopplevinga, historia, vertskapet og omgjevnadene. Med tett under 100 ulike overnattingstilbod, finn du alt frå sjarmerande trehotell og historiske gardshus til moderne tretopphytter og kjende Netflix-lokasjonar. Uansett kva du ser etter, kan du vera sikker på at Hardanger har noko som passar for deg.
Overnatting blant tretoppane
For deg som ønskjer å koma tett på naturen, er Hardanger Fjordtun, Woodnest og Hardanger Panorama Lodge å anbefala. Her kan du tilbringe natta i unike tretopphytter med makelaus utsikt over fjorden og fjella, omgitt av fred og ro – ei oppleving som verkeleg gir deg kjensla av å vera midt i hjartet av Hardangers mektige natur.
Historie i kvart rom
Om du er fascinert av historiske omgjevnader, ventar fleire perler på deg i Hardanger. Utne Hotel, eit av Noregs eldste trehotell, har teke imot gjestar heilt sidan 1722, medan Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin byr på ei reise attende til 1674. I kjem ein ikkje utanom Tyssedal Hotel, kjent for si imponerande kunstsamling og nærleiken til Trolltunga, og Thon Hotel Sandven, eit tradisjonsrikt hotell med røter tilbake til 1857.
Komfort og luksus
For dei som ønskjer topp komfort kombinert med vakker natur, er Hotel Ullensvang eit opplagt val. Med ei rik historie og fasilitetar i absolutt toppklasse, er dette blant Noregs beste og mest kjende hotell. Brakanes Hotel i Ulvik er også eit tradisjonsrikt alternativ med nydeleg utsikt og nærleik til aktivitetar i fjordlandskapet.
Ei annleis og unik oppleving
Vil du bu litt utanom det vanlege? På Dønhaug Gjestegard i Uskedalen kan du oppleva lyden av naturen og sjarmen i eit restaurert gardshus på Dønhaug Gard. Eller kva med eit opphald på Vikinghaug Apartments, bygget som blei verdskjent gjennom Netflix-serien Ragnarok? Her får du ei heilt spesiell oppleving i omgjevnader som garantert vil imponera både deg og reisefølgjet ditt.
Alternativ for alle
Hardanger byr på eit mangfald av overnattingstilbod som speglar regionens unike kombinasjon av historie, natur og kultur. Anten du ser etter luksus, tradisjon eller ei heilt spesiell oppleving, finn du det her. I Hardanger-regionen er det enkelt å gjera overnattinga til ein del av eventyret!
Kom tett på naturen, kjenn på roen og nyt utsikta til Sørfjorden frå Woodnest. Dei makalause tretopphyttene i Odda er verkeleg noko for seg sjølv.
Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.
Like ved Kraftmuseet i Tyssedal ligg Tyssedal Hotel. Hotellet ligg også nært Skjeggedal og er dermed er eit godt utgangspunkt dersom du planlegg å ta turen til Trolltunga.
Rett ved fjordkanten i Ulvik ligg Brakanes Hotel idyllisk til og nære attraksjonar og opplevingar i Hardangerfjord regionen. I gangavstand frå hotellet finn du for eksempel frukt- og siderruta med besøksgardar og Olav H. Haugesenteret.
Fossli Hotel har ei unik plassering rett ved utsiktspunktet for Vøringsfossen med utsikt over Måbødalen. Hotellet vart bygd i 1891, 25 år før Fossli fekk vegforbindelse. Edvard Grieg var stamgjest her.
Nydeleg utsikt og lyden av natur. Book ei natt i arkitekt-teikna tretopphytter på solsida av Hardangerfjorden!
Thon Hotel Sandven i Norheimsund, frå 1857, ligg ved fjordkanten og byr på historisk atmosfære og moderne komfort. Hotellet har 102 rom, konferansesal for 200, og familierom.
Ta overnattinga høgt i fjelltoppane over Ulvikfjorden. Hjå Hardanger Panorama Lodge får du ei heilt unik overnatting med opphald i høgda av Ulvik med ei spektakulær utsikt. Hytta er fullt utstyrt med plass til opp til 7 personar.
Har du nokon gong campa i lause lufta, fleire hundre meter over bakken? Det kan du no gjere på cliff-camping saman med Estangard!
Jaunsen Gjestgjevarstad ligg i bygda Granvin. Den over 300 år gamle Gjestgjevarstaden består av tre bygningar, alle klasifisert som verneverdige. Du kan overnatte i dei historiske omgjevnadane eller stoppe og ta ein m...
Naustferie ved Øystese i Hardanger tilbyr ei rorbu ved fjordkanten med utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna. Utleigeeininga har plass til 6-8 personar, tilrettelagt for rullestolbrukarar, og inkluderer kai og båtleige.
Nestunet ligg ved Mundheim i Hardanger. Dei leige ut ei hytte, to leiligheter, eit hus og kan tilsaman tilby 20 sengeplassar. Utleigeeiningane er i gardstunet på garden Nes. Her vert det drive tradisjonelt med kyr, sa...
Det historiske hotellet Utne Hotel frå 1722 har vore i kontinuerleg drift sida det. Hotellet har berre 17 rom, der alle har individuelt, historisk interiør med særpreg og sjarm. Hotellet er perfekt for deg som ser etter autentiske opplevingar .
Med fantastisk utsikt over vann, foss, fjell, fjord og fonn, ligg Vikinghaug Apartments i Odda. Gjestene bur i store, romslege leilegheiter med tre-fire soverom, bad, toalett, kjøken og stove. Sengetøy og handklede er...
Dyranut Fjellstova ligg på Hardangervidda 1245 m.o.h., rett ved riksveg 7. Her får du panoramautsikt med langstrakte kvite vidder om vinteren og landskap som vekslar mellom vegetasjon og fjellvatn om sommaren.
Trolltunga Active tilbyr ein unik overnattingstur med guide i gjennomsiktig dome med høg komfort - tilgjengeleg året rundt.
Overnatting i eit idyllisk gardstun like ved sentrum i Uskedalen.
Bli med på uforgløymelege huskyeventyr med Folgefonna Husky Camp - lokalisert på Noregs tredje største isbre! Spennande hundekøyring, storslagne vandreturar med husky, kvalpekos og minneverdige overnattingsutflukter er noko av det som venter deg på Folgefonna husky camp.
Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang i privat gruppe og med eigen guide. Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der naudsynt utstyr og mat er inkludert i prisen.