Vinter i Hardanger

Den majestetiske vinteren

Vinterekspedisjon til Trolltunga, skikøyring i pudderparadis, spektakulære panoramatoppar og sauna i fjordkanten - Anten du er ute etter å utforske vinterfjella eller lade batteria er Hardanger den ultimate vinterdestinasjonen.

rose
Visste du at?
rose
Trolltunga er tilgjengelig om vinteren også? Du kan til og med overnatte ved den snøkledde fjellformasjonen!
rose
Fjellbygda Røldal er eit av Europas mest snørike område? Her går pudderalarmen støtt og stadig og byr på leiken nedkøyring for ein kvar smak!
rose
Hardangerfjorden er omkrinsa av fjelltoppar med panoramautsiktar perfekte for topptur på ski?
Yrjan Olsnes 4368
Magiske vinteropplevingar

Utforsk dei mange vinteropplevingane

Kvifor reise langvegs når ein har alt ein leitar etter - og litt til - i eventyrlege Hardanger? Her har du både alpane i Rosendal, leikne skianlegg i Røldal, prisvinnande sider i fjordane og afterski for ein kvar smak. Hardanger byr på ei mengd med varierte vinteraktivitetar!

Sjå alle
Web Trolltunga 9
Vinterekspedisjon til Trolltunga

Opplev ei snøkledd Trolltunga

Trolltunga er eit populært turmål i sommarhalvåret, men fjellformasjonen er om mogleg endå meir spektakulær om vinteren. Trolltunga Active og Trolltunga Adventures tar deg med på fantastiske guida trugeturar til ei snøkledd Trolltunga. Og det beste av alt? Du får den spektakulære fjellformasjonen nesten heilt for deg sjølv!

Yrjan Olsnes 0127
Pudderparadiset Røldal

Fjellbygda med massive snømengder

Fjellbygda Røldal er eit av Europas mest snørike område og er ein frikøyrars draum med bøttevis av pudder og massive fjellsider. I Røldal skisenter finn ein skikøyring for ein kvar smak anten ein vil læra seg sine fyrste svingar på slalomskia eller kaste seg utfor adrenalinfylde fjellsider. Les meir om vinterparadiset Røldal her.

Yrjan Olsnes 07166
Topptureldorado i Hardanger

Panoramautsikt på rekke og rad

Kombinasjonen storslagen 360 graders panoramautsikt og leiken nedkøyring gjer Hardanger til den ultimate toppturdestinasjonen.

Både Hardangerfjord Adventure, Folgefonni Breførarlag og Trolltunga Active tilbyr guida toppturar på ski til ei rekkje storslagne panoramatoppar.

Trolltunga Rib Yrjan Olsnes 0804
Andre vinteropplevingar

Vintereventyr både til lands og fjord

Det er ikkje berre med ski eller truger på beina ein kan oppleve den fantastiske vinteren i Hardanger. Kom tett på den speglblanke fjorden på kajakk- eller Rib-båttur og sjå vinteren forvandle omgjevnadene til eit frossent paradis.

Ullensvang Hotel red
Velvære og avslapning

Lad batteria i vinterparadis

Omkransa av vakre omgjevnader er Hardanger verkeleg staden for å kople av og finne roa. Unn deg eit besøk i velvære- og bassengavdelinga til Hotel Ullensvang, ta ei avslappande spabehandling på Vøringfoss hotel eller ta med familien på leik og moro i Hardangerbadet. Vil du endå tettare på naturen er Heit Sauna ein sikker vinnar - her kan du gå direkte frå den glovarme saunen og hoppa rett ut i isklar fjord.


Yrjan Olsnes x Visit hardangerfjorden 05042
Ein smak av Hardanger

Lokale matopplevingar

Eit besøk i Hardanger uansett sesong er ikkje komplett utan ein smak av den fantastiske lokalmaten eller den prisvinnande sideren bøndene kring fjorden har laga med dedikasjon og kjærleik. Med fokus på lokale råvarer kan du vera sikker på å bli servert måltid på måltid av kvalitet.