10 min. køyring frå sentrum finn ein det flotte skianlegget Drevtjørn ski- og tursenter.
Her er det ei 5 km lang, 5 m brei opparbeidd løype, derav 4 km med ljos, skileikanlegg med 2 små hoppbakkar og nye bygningar. Det er etablert langrenns- og hopputstyr til utlån og i tilslutning til anlegget er det også ei 14 km(t/r) lang turløype. (Solsævegen)
Anlegget ligg 350 – 400 moh, 9 km frå Ulvik sentrum, og er svært snøsikkert.
Torsdagskveldane er det familekveld med vaflar, saft og kaffi på Drevtjørn, med høgt aktivitetsnivå og mykje moro.