Inst i Hardangerfjorden, mellom bratte fjell og djupblå fjord, finn du bygdene Eidfjord og Ulvik. Her kan du finna ro og vera aktiv på same tid, alt i ditt tempo. I haustferien tilbyr bygdene eit variert program som høver for alle. Lenger nede på sida finn du informasjon om aktivitetar du kan delta på gjennom veka, om transport til nokre av arrangementa og overnatting.
Med berre ein halvtimes køyring mellom, ligg alt til rette for gode og nære opplevingar. I tillegg til eit variert haustferieprogram, kan du legga ut på korte og lengre turar i verdskjend natur, besøka Norsk natursenter og Olav H. Haugesenteret, rusla mellom gardane på Frukt-og siderruta og handla i gardsutsala, og mykje meir. Noko for heile familien.
Med utgangspunkt i Eidfjord og Ulvik har du tilgang til eit eldorado av vakker vestlandsnatur og godt merka turløyper, både til godt kjende stadar som Dronningstien, Kjeåsen, Vøringsfossen og Oksen, men og til andre turperler som Ossete, Midtfjell og Kristinuten.
Les meir om alle turane i Ulvik og i Eidfjord.
08.00–17.00: Cruisedag – aktivitetar i og rundt Eidfjord
10.00–15.00: Oktobertorg i Ulvik med lokalproduserte varer
10.00–15.00: Lions loppemarknad med auksjon i Ulvik
09.00–16.00: Natursti for alle langs elva Tysso i Ulvik. Passar for alle. Arrangør: Haugesenteret
11.00–15.00: Haugesenteret i Ulvik er ope (fri inngang)
12.00–16.00: Galleri Nils Bergslien i Eidfjord er ope - gratis inngang. Utstilling: Tord Torpe
11.00–13.00: Laugarstovo badstove er open for drop-in
Prestakaien, Ulvik
11.00–15.00: Open Gard
Heila på Bråte, Bu i Eidfjord – ein stad for meistring, gardsglede og sinnsro. Her kan du helsa på dyra, prøve runderidning, pil & boge og luftgeværskyting, eller berre kosa deg med noko godt frå vårt vesle kafeutsal. Vaksne kr 75, born over 2 år kr 50.
heilapåbråte.no
16.00: Kurs «Ysting på kjøkkenbenken: Cottage cheese»
Pris kr 350 pr pers, max 15 pers. Påmelding: Send sms til Beatrice Bieuville tel. 96634920
Eidfjord samfunnshus, skulekjøkenet
09.00–15.00: Tredagars gards- og naturfritidsleir
Heila på Bråtet, Bu i Eidfjord. Hesteaktivitetar, gards- og turmat, skog- og naturforvaltning. Pris per born kr 2900,- for tre dagar inkl mat og drikke. I tillegg har me tryggleiksutstyr der det trengs. Dei får tett oppfølgjing med 1 voksen per 4. born. Det går buss frå Eidfjord sentrum til Bu kl. 08:23 og attende frå Bu til Eidfjord sentrum går bussen kl. 15:33. Påmeldingsfrist for leiren er innan sundag 27.09.26.
heilapåbråte.no
10.00–15.00: Haugesenteret i Ulvik er ope
09.00–19.00: Cruisedag – aktivitetar i og rundt Eidfjord
12.00–16.00: Galleri Nils Bergslien i Eidfjord er ope – gratis inngang
14.00: Seniorkino i Eidfjord: Kilden i Provence – Jean de Florette
Meir informasjon her
17.00: Ut på tur, aldri sur! – Tur for borna
Du&Jeg, RL Outdoors, Vik Bakeri og Fjell & Fjord Kafe og Kremmeri arrangerer: Eidfjord i bevegelse - Ut på tur, aldri sur!
Vi inviterer barn med på ein hyggeleg tur på ca. 3 km. Barn under 10 år må gå saman med ein vaksen, mens eldre barn kan delta åleine med tillatelse frå føresatte. Etter turen blir det ein liten overraskelse. Turen vert gjennomført dersom minst 15 barn melder seg på.
11.00 – Kurs i Flatbrødbaking med Bu og Ringøy Bygdekvinnelag i grendahuset på Bu
Her får du dei gode tipsa og flatbrøda får du ta med deg heim.
Pris: kr. 600,- per pers
Påmelding: Send sms eller ring til Marit Bu Oppedal: 906 08 890
11.30–14.00: Kulturhistorisk vandring med guide i Ulvik.
Bli betre kjend med historien til Ulvikbygda og kulturminna våre.
17.00: Aufguss i badstova med aufgussmeister Vinternatt
Heit Eidfjord arrangerer aufguss i badstuen med Norges beste aufgussmester Vinternatt aka Hilde Karlsen.
Kråkeskarvet, Eidfjord
heiteidfjord.no
frå kl 20.00: Dans/konsert med Strók
Vøringfoss Hotel, Eidfjord sentrum
11.00-16.00 – Matkulturfestival i Øvre Eidfjord ved Norsk Natursenter
Stort marknadstelt med lokale matprodusentar, aktivitetar for store og små.
hardanger-matkulturfestival.no
14.00–18.00: Buffet i Hardangerviddahallen, Øvre Eidfjord
Buffet med varme og kalde rettar, dessertbord, kaffe, kr 495.
11.00-13.00 – Laugarstovo badstove er open for drop-in
Prestakaien, Ulvik
14.00–18.00: Buffet i Hardangerviddahallen, Øvre Eidfjord
Buffet med varme og kalde rettar, dessertbord, kaffe, kr 495.
Heit Eidfjord tilbyr rabatt på felles-timar i badstova heile haustferien.
Bruk kode Haustferie ved bestilling og få 15% rabatt.
Haustferietilbod på Vøringfoss Hotel
voringfoss-hotel.no
Book Hardanger tilbyr ulike aktivitetar
Mellom anna Ravenheart viking-utstilling, Trolltog og RIB-tur
Bestill på bookhardanger.com
Norsk Natursenter, Øvre Eidfjord er ope 10.00–18.00
norsknatursenter.no
Lunsj og middag på Brakanes hotel
Hotellet byr på lunsj alle dagar 13.00 til 15.00 og middag 18.30 til 21.00
brakanes-hotel.no
Kulturjakt i Ulvik sentrum!
Gå på skattejakt mellom ukjende og spennande kulturminne. Premie til alle som registrerar alle kulturminna i jakten. Premien kan hentast på turistkontoret.
kulturjakten.no
10.00–16.00: Ulvik turistkontor og Galleri Polden har ope alle dagar.
Drop-in sidersmaking på Frukt-og siderruta i Ulvik
Ope kl. 9.00-17.00 kvar dag (10.00–17.00 laurdag, stengt sundag)
Opne gardsbutikkar i same tidsrom.
www.siderruta.no
Fjordtind-hotella Brakanes Hotel og Vøringsfoss Hotel tilbyr gode prisar i haustferien. For fleire overnattingsstader, sjå oversikt på visitulvik.no og visiteidfjord.no
Ordet «fagn» stammar frå norrønt språk og tyder å ta i mot, ynskje velkomen eller å gleda seg?
Rett ved fjordkanten i Ulvik ligg Brakanes Hotel idyllisk til og nære attraksjonar og opplevingar i Hardangerfjord regionen. I gangavstand frå hotellet finn du for eksempel frukt- og siderruta med besøksgardar og Olav H. Haugesenteret.
Vøringfoss Hotel finn du innerst i Hardangerfjorden, i fagre Eidfjord-omkransa av det beste Norsk natur kan by på. Vi ligg heilt i fjordkanten, over oss kneiser mektige fjell opp til 1600 meter.