Bornas natursti - Haugesenteret/Ulvik Turlag

Bornas natursti - Haugesenteret/Ulvik Turlag

Bli med på Bornas natursti! Årets natursti består av sju postar kringom i Ulvik. Kvar post inneheld éin bokstav og eitt turtips, boktips eller anna innhald.

Om

1. juli -15. oktober - Gratis for alle

Turkort med kart kan du henta på Haugesenteret, Brakanes Hotel, Strand Fjordhotel eller Turistkontoret.

Finn postane i den rekkefylgja du ynskjer, men hugs å setja bokstaven på rett plass i skjemaet for å koma fram til løysingsordet.

Når du har funne løysingsordet, kan du henta premie og diplom på Haugesenteret.

Pakk sekken godt, og nyt turen!

Kul Tur
Registrer turlengde i Kul Tur-appen og få poeng for ulike aktivitetar.
Appen er for born og har gode tips til kva ein kan finne på der ein er
i naturen. Når du har fått tilstrekkeleg poeng er du med i konkurransen
om å vinne ei turoverrasking frå Bornas Turlag.
Les meir og last ned appen på dnt.no

Osa
Ein kan køyra bil eller ta buss til Osa. Inntil fire
born går gratis på bussen i fylgje med ein vaksen.
Sjå skyss.no for ruteinfo.

 

Kart