Mellom bakkar og fjell utmed havet, finn du mange flotte og godt markerte turstiar rundt om i Ulvik. Opplev Ulvik frå dei beste utsiktspunkta Hardanger har å by på; anten det er lavtliggjande sentrumsnære spaserturar eller meir intense toppturar med forførande utsyn over fjell og fjord.
Ulvik byr på fleire gode og merka turar, anten du vil ha svimlande toppturar eller ynskjer ein roleg spasertur i flotte omgjevnadar. Mellom svulmande epletre, glitrande fjordar og stupbratte fjell, finn du garantert ein tur som passar deg. 13 av stiane er merka med skilt, som indikerer grad av vanskelegheit og kva veg ein skal fylgje. Nokre populære alternativ er: