Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Om

NB! Sommaren 2026: Vest politidistrikt har innført ferdselsforbod i det inste området ved Bondhusbreen. Det har danna seg ein bresjø oppe ved breen som kan tømma seg brått og senda store mengder vatn nedover dalen. Forbodet gjeld frå Bondhusbreen og langs elva ned til Bondhusvatnet, medrekna sandbanken ved vatnet, og varer til 1. september 2026. Området er merka med fareskilt og sperreband.

Sjølve grusvegen opp til Bondhusvatnet er open som vanleg — det er den inste delen, inn mot breen, som er stengd. Følg skiltinga på staden, og hald deg utanfor det avstengde området. Meir informasjon hjå Kvinnherad kommune.

Bondhusbrea og Bondhusvatnet har vore eit ynda reisemål sidan midten av 1800-talet, og det har ikkje vorte mindre populært med åra. Bilete av det fotovennlege brevatnet dukkar opp stadig hyppare på sosiale medier, og det er ikkje utan grunn. Fargane i vatnet, det unike landskapet og brearmen i bakgrunnen gjer at Bondhusdalen siglar fram som blant dei aller vakraste dalføra i Noreg.

Turen opp frå parkeringsplassen i Sundal er ikkje krevjande i det heile. Både barnevogner og rullestolar, dog med kraftig motor, kan få seg opp dalen til Bondhusvatnet. I roleg gange tek turen om lag 2 timar t/r. Den inste delen av dalen, inn mot sjølve breen, er stengd sommaren 2026 — sjå merknaden øvst på sida. 

Parkering, ta av i kryss ved FV 551, merka Bondhusbrea, kjør ca 500 meter til P-Plass Bondhusdalen parkering. Parker på oppmerka felt, eller etter anvisning frå p-vakt/turistvert. Betaling er 125,- kr pr inneverande døgn. Betaling skal utførast  ved ankomst før ein forlet bilen og går på tur. Dette gjer ein på  P-automat og billett legges i frontrute.

Toalett er tilgjengeleg på plassen. 

Det er beitedyr i området og hunder skal haldast i band til ei kvar tid. Vassdraget er drikkevatn for Bondhus og Sundal og skal ikkje badast i.

Bussar som kjem, må parkere på anvist plass 300 meter før hoved p-plass, pga smal veg og snuplass.

Fartsgrense i området er 30 km/t.

God tur!

Gradering
Sesong

Kart