Opplev Hardanger og Trolltunga i haust

Trolltunga 2
Brakanes Hotel
Brakanes Hotel
Vøringsfossen
Eidfjord By Paul Edmundson
Norsk Natursenter
20 DSC8813 web
MG 3667 Edit
Ulvik Break from the Great Syse gard

Hausten i Hardanger er spektakulær, og med færre besøkande enn i høgsesong har ein regionen nesten heilt for seg sjølv! Sjekk ut denne reiseruta for å få med deg noko av det beste hausten i Hardanger har å by på.

rose

Dag 1: Køyr til Skjeggedal og ta turen til Trolltunga, ein av Noregs mest spektakulære fjellformasjonar. Omkransa av mektig natur er vandreturen inn til Trolltunga ei oppleving i seg sjølv, men turen er aller flottast dersom ein går saman med guide. Ein guida tur er ikkje berre ei trygg ferd i fjellet, men byr også på eit fullspekka eventyr med skjulte perler langs vegen, lett stemning og interessante fakta om Trolltunga og områda rundt. Både Trolltunga Active og Trolltunga Adventures tilbyr guida dagsturar og overnattingsturar.

rose

Dag 2: Køyr til Eidfjord og overnatt på fantastiske Vøringfoss hotel. Her våkner ein opp til panoramautsikt til fjell og fjord, og berre eit steinkast unna ligg unike stader som Kjeåsen fjellgard, Vøringsfossen og Hardangervidda nasjonalpark. Vøringfoss hotel er meir enn berre eit hotell med sitt fantastiske vertskap og behagelege fasilitetar, og med berre minutters gange ned til fjorden er det ikkje rart at hotellet er ein populær overnattingsstad.

rose

7 km frå hotellet, i Øvre Eidfjord, ligg Norsk Natursenter. Norsk Natursenter er eit moderne opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø, der både vaksne og barn kan oppleva og få meir kunnskap om blant anna geologi, klima og plante- og dyrelivet i Norge formidla på ein ny og spennande måte! Natursenteret er også kjend for den nye panoramafilmen “Noreg mitt land - fjord, fjell, foss og Hardangervidda” som vert følt som ein reise med helikopter inn i det vakre naturlandskapet på ein av Europas største panoramabilde - 21 meter lang og 4 meter høg!

Utforsk noko av det vakraste norsk natur har å by på!

rose

Dag 3: Køyr til Ulvik og overnatt på historiske Brakanes hotel. Brakanes hotel, som opprinneleg opna som Skysstasjon på slutten av 1800-talet, har ei rik historie, og med utsikt til fjell, fjord og fruktgardar er det enkelt å senke skuldrene her. Frå Brakanes hotel er det berre ein kort spasertur til den populære frukt- og siderruta, ei vandring mellom prisvinnande frukt- og sidergardar. Fruktgardane langs ruta tilbyr omvisningar med smaksprøvar, og kanskje du også får kjøpt med deg noko godt frå gardsutsalet? Avslutt dagen med middag i restaurant "Draumen" på Brakanes hotel og eit avslappande bad i stampen ved fjordkanten.

Andre haustopplevingar

Norsk Natursenter - Hardanger
Attraksjoner

Norsk Natursenter - Hardanger

Norsk Natursenter Hardanger er eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter lokalisert i Øvre Eidfjord.

Trolltunga
Aktiviteter

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Frukt- og Siderruta, Ulvik
Attraksjoner

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Haugesenteret
Attraksjoner

Haugesenteret

Olav H. Hauge (1908–1994) er ein av våre fremste lyrikarar og gjendiktarar, og levde heile sitt liv i Ulvik. Ved Haugesenteret kan du bli betre kjend med Hauge si livshistorie og poetiske verk, og oppleva lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser. Museet har opplevingar for både born og vaksne. Senteret ligg vakkert til ved fjorden med utsyn til fjella frå det gamle heradshuset i Ulvik.

Kjeåsen fjellgard i Eidfjord
Attraksjoner

Kjeåsen fjellgard i Eidfjord

Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.

Stien til Kjeåsen fjellgard
Aktiviteter

Stien til Kjeåsen fjellgard

Bratt sti der du må forsere tauverk, stokkar og stigar som nødvendige hjelpemiddel undervegs.

Vøringsfossen
Attraksjoner

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Nasjonal Turistveg Hardangervidda
Attraksjoner

Nasjonal Turistveg Hardangervidda

Nasjonal turistveg Hardangervidda tar deg frå høgfjellsplatået Hardangervidda (1250 moh) til kanten av Hardangerfjorden. Ein stopp ved Vøringsfossen er obligatorisk!

Hardangervidda nasjonalpark
Attraksjoner

Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Dette høgfjellsområdet høver godt både for erfarne fjellfolk og for dei som ynskjer å prøve fjellferie for første gong.  

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Villmarksoppleving - Trolltunga Adventures

Villmarktur på Hardangervidda, med unik oppleving av fjellformasjonen Trolltunga. På denne turen kjem du tett på urørt natur, med god tid til kjenne på roen og å ta inn inntrykka.

Trolltunga Sunset/Sunrise
Aktiviteter

Trolltunga Sunset/Sunrise

Trolltunga Active tilbyr ein unik overnattingstur med guide i gjennomsiktig dome med høg komfort - tilgjengeleg året rundt.

Trolltunga Autumn Day Hike - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Trolltunga Autumn Day Hike - Trolltunga Adventures

Opplev eit fantastisk hausteventyr på dagstur med Trolltunga Adventures og dei erfarne guidane deira. 

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Guida overnattingstur til Trolltunga - Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga ved solnedgang og soloppgang. Guidane i Trolltunga Adventures legg til rette for ein fantastisk overnattingstur, der alt utstyr og mat inkludert i prisen.

Syse Gard
Aktiviteter

Syse Gard

Syse Gard ligg langs frukt- og siderruta i Ulvik og er ein av dei tre besøksgardane. Syse Gard er ein tradisjonell vestnorsk gard med fruktdyrking og sauehald, og den er også eit Économusée.

Ulvik Frukt & Cideri
Aktiviteter

Ulvik Frukt & Cideri

Ulvik Frukt & Cideri er den fyrste av tre gardar langs den einaste frukt- og siderrruta i Noreg. Garden byr på omvisingar og lokale smakar i form av eplesaft, sider og andre smakfulle gleder.

Hardanger Saft og Siderfabrikk
Aktiviteter

Hardanger Saft og Siderfabrikk

Fruktgarden inviterer inn på smakfulle skattar frå produksjonsrommet; mellom anna inviterer Hardanger Saft- og Siderfabrikk inn på smaking av sider, most, likør og brennevin av eple. Omvisingar for store og små grupper kan bestillast, og gardsbutikken bugnar av smakfulle delikatesser.

Sjå alle

Fleire reisetips