Web Kano DJI 0653
Web dronningstien marvin VHF 56
Web Edel sider x Yrjan Olsnes 2021 01619
Web Basseng Hotel Ullensvang SIV 9436
Web DJI 0975

Opplev Ullensvang i haust

Hausten i Hardanger må opplevast! Omkransa av Noregs største frukthage og kjekke aktivitetar med fjorden som bakteppe, er Hotel Ullensvang den perfekte basen for haustferien i Hardanger.

Hotel Ullensvang kallar seg ikkje for «The Hardangerhub» utan grunn. Her er det nemleg kort veg til eit stort utval av ulike aktivitetar og attraksjonar heile året rundt.

Kva med ein tur til Dronningstien – blant dei mest spektakulære og populære fotturane i heile Noreg? Startpunktet til turen ligg rett bak hotellet. Du kan velja å gå turen med eller utan guide!

Eller kanskje det å oppleva Noregs største frukthage og smaka lokalprodusert Sider frå Hardanger fristar meir? Mange ulike siderprodusentar og hundretusenvis av frukttre ligg som perler på ei snor rett utanfor hotellet.

Og etter ein dag med kjekke aktivitetar i flott natur, kan du enkelt slappa av og nyta utsikta til fjorden og Folgefonna frå Ullensvang Bad. Her finn du blant anna innan- og utandørsbasseng, boblebad, sauna og massasjebenkar - oppvarma heile året!

Sjekk inn og finn roen på Hotel Ullensvang i haust! Med eit eldorado av aktivitetar og attraksjonar i umiddelbar nærleik, er det tradisjonsrike hotellet ein perfekt base for korte og lengre opphald i Hardanger året rundt.

rose

Få, om ingen, regionar kan skilta med eit så frodig landskap, stort spekter av opplevingar og kort veg mellom store høgdepunkt som Hardanger. Og midt i hjarta av regionen – nærmare bestemt på Lofthus – ligg Hotel Ullensvang nydeleg plassert rett i kanten av Hardangerfjorden.

Kvart einaste år lokkar hotellet til seg turistar frå alle verdshjørner, og det er lett å skjøna kvifor. At dei har titusenvis av frukttre, sjølve Hardangerfjorden, Dronningstien og nasjonalparkar som nærmaste nabo, er god nok grunn i seg sjølv. Men det er fasilitetane, historia og vertskapsrolla, som er perfeksjonert sidan dørene opna for fyrste gong i 1846, som verkeleg gjer at hotellet siglar fram som blant dei beste i heile Noreg.

HOTEL Ullensvang Adult area 2 Jeanett Økland
rose

Få hotell egnar seg betre til å lada batteria enn den tradisjonsrike verksemda på Lofthus. Hotellet, som også kallar seg for «The Hardangerhub», er sjølve definisjonen på avslapping. Det skal godt gjerast å ikkje nyta opphaldet frå dei spektakulære basseng-, velvære-, sports- og fritidsavdelingane med nydeleg utsikt til Sørfjorden og stupbratte fjell. At du i tillegg vert servert den eine kulinariske høydaren etter den andre i restauranten deira, er sjølve prikken over i-en.

Web Basseng utandør SIV 9923
rose

Men noko av det aller finaste med Hotel Ullensvang, er at det passar for dei aller fleste. På lik linje som hotellet eignar seg godt til å lada batteria, skal ein leita lenge etter eit meir eigna hotell for ein aktiv ferie eller langhelg i Hardanger. Fotturar til ikon som Trolltunga og Dronningstien, både med og utan guide, slår sjeldan feil. Eller kanskje det å utforska fjorden med RIB-båt, fjordsup eller kajakk freistar meir? Andre vil kanskje utforska Lofthus og andre perler langs fjorden til fots eller på sykkel. Uavhengig av kva du ender opp med, er det enkelt å tilpassa opphaldet på Hotel Ullensvang akkurat slik du sjølv ynskjer. Det skal i alle fall ikkje stå på fasilitetane, plasseringa, maten eller det rike aktivitetstilbodet. Her er det noko for alle!

Web kajakk hotel ullensvang haust vinter
rose
Visste du at?
Edvard Grieg var stamgjest på Hotel Ullensvang? Han fann mykje inspirasjon i den slåande vakre Hardanger-naturen på Lofthus.
Hotel Ullensvang også kallar seg for The Hardangerhub? Dette grunna det rike aktivitetstilbodet både på og rett utanfor hotelldørene.

Opplevingar med Hotel Ullensvang som base

Dronningstien - H.M. Dronning Sonjas panoramatur

H.M. Dronning Sonjas panoramatur, betre kjent som Dronningstien i Hardanger, er blant dei mest populære turane i Noreg. Med nydeleg utsikt langs heile vegen, er det lett å forstå kvifor dette er blant favoritturane til H.M. Dronning Sonja.

Kajakktur med Trolltunga Active

Ein kajakktur – anten på Hardangerfjorden med Hotel Ullensvang som møtepunkt eller på Sandvinsvatnet – der du får oppleva flott natur i vinterdrakt. Alt av utstyr inkludert, og guiden lærar deg å padle.

RIB Fjordsafari – Trolltunga Active

Bli med på ein historisk RIB fjordsafari på vinterstid slik at du får oppleva dei snø- og isdekka fjella frå eit sjøperspektiv. Opplev naturen samtidig som du lærer om og opplev det kulturelle og historiske Hardanger har å tilby.

Sidersafari i Hardanger- og Sørfjorden

Denne sesongen vil Aurora of The Fjords dagleg gå i rute i Hardangerfjorden, frå Eidfjord og Ulvik til Odda. Du kan velja om du tar turen berre som sightseeing fjord cruise, eller om du vil leggja til ein eller fleire stopp med fruktgardbesøk og sidersmaking undervegs.

Hardangergutane

Omkransa av fjord, fonn og bratte fjell, finn du garden til Hardangergutane på Sekse i Sørfjorden. Ikkje langt derifrå, i det gamle fruktlageret på Børve, lagar dei eplemost og sider frå lokale kvalitetseple, mogna på...

Fruktstien

Fruktstien. Idyllisk kulturlandskap for alle Startpunkt  Fruktstien kan ein lett koma seg på frå mange plassar: Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim, Hardanger Vandrarheim, og ved daglegvarebu...

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Gangtid t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen er 5-6 t. Område...

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Heit Sørfjorden Sauna

Heit Sørfjorden Sauna tilbyr ein dampande sauna og eit friskt fjordbad. Nyt utsikta til fjord, fjell og fonn frå den flotte saunen på Børve, 5,7 km sør for Lofthus. Saunaen står plassert heilt ytst på kaikanten m...

Aga Sideri

Aga Sideri ligg idyllisk ved Sørfjorden i Ullensvang. Her produserer dei Sider frå Hardanger som du kan smaka og kjøpa i samband med ei omvising og gardsbesøk på Aga.

Tyssedal Via Ferrata - Trolltunga Active

Visste du at nesten all straum i Noreg er produsert av vasskraft? Opplev korleis det heile starta på ein guida Via Ferrata-tur med Trolltunga Active i Tyssedal.

Oksen

Nyt 360 graders nydeleg utsikt frå toppen av Oksen, kor du ser Hardangerfjorden, Granvinfjorden, Sørfjorden og Eidfjorden. Det er ein krevjande tur med mange høgdemeter som skal bestigast.

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.

Mikkelparken

I Mikkelparken familiepark er det mykje moro for barn mellom 1-10 år! Familieparken ligg i Kinsarvik mellom fjord og fjell. I Mikkelparken er eit spennande område for leik i vatn med tre basseng, vatnsklier, vatnkanon...

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Agatunet

Agatunet er eit freda klyngetun på Aga i Ullensvang ved Sørfjorden. Den eldste bygningen i tunet er Lagmannsstova frå 1220. Ved Agatunet kan du vera med på guida omvising og sjå kunst- og kulturhistoriske utstillingar. Agatunet er ein del av Hardanger og Voss museum.

Nasjonal Turistveg Hardanger

Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.

Kraftmuseet

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk hjå Kraftmuseet gjev deg innblikk i kva som hende då ...

Hardanger folkemuseum

Hardanger Folkemuseum er ein del av Hardanger og Voss Museum og ligg på Utne. I hovudbygget kan du sjå utstillingar av hardangersaum, bunad og folkemusikk. I tillegg kan du også besøkja friluftsmuseum med historiske bygningar som høyrar til folkemuseet.

Lilletopp - Kraftmuseet

Prøv ein kort topptur i Hardanger! Lilletopp i Tyssedal har fantastisk utsikt over Hardangerfjorden. På toppen er det kafé med handverkskaffi, sveler og pølser i brød.

Sjå alle

Fleire reisetips