Fleire forslag

Bli inspirert

Sjå alle

Utvalde overnattingar

Kva skjer?

Møt Hardanger

Folk, opplevingar, bygder og kultur - alt dette og mykje meir - er med å gjera Hardanger til Hardanger. Kom tett på og bli kjend med den makelause regionen vår.

Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.

Avstandar

I Hardanger er det kort veg mellom fjord, fjell, fonn og gjeve opplevingar.

Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til regionen vår.

Velkomen til Hardanger – ei perle berre éin time unna Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland.

Koyring i Hardanger

Turistkontor

Ta kontakt med dei ulike turistkontora i Hardanger-regionen! Dei har stålkontroll og sit på mykje informasjon om dei ulike tilboda i deira område.