Program: 16.00 exhibition opening in the castle's wine cellars Hanne Borchgrevink, painting. Introduction by Gunnar Danbolt 18.00 concert in the Great Hall Official opening of the season. Concert by Leif Ove Andsn...
Vøringfoss Hotel inviterer til danseweekend på hotellet i februar!
Ei innhaldsrik helg med noko av det beste Hardanger har å by på. Ei reise med stort spenn, frå eit seglskutedekk til mjuke senger i ærverdige omgivnadar. Undervegs vert det smakfulle opplevingar, historisk sus og stor...
Folk, opplevingar, bygder og kultur - alt dette og mykje meir - er med å gjera Hardanger til Hardanger. Kom tett på og bli kjend med den makelause regionen vår.
Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.
Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til regionen vår.
Velkomen til Hardanger – ei perle berre éin time unna Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland.
Ta kontakt med dei ulike turistkontora i Hardanger-regionen! Dei har stålkontroll og sit på mykje informasjon om dei ulike tilboda i deira område.