Hardanger Panorama Lodge WEB
Workation Eidfjord Web
Ulvik WEB
Workation Hardanger Panorama Lodge

Workation i Hardanger

Kven har bestemt at eventyr berre er forbeholdt ferie? Ta med deg arbeidet til Hardanger og utforsk alt regionen vår har å tilby!

Å kombinere arbeid med ferie i ein “workation” har økt i popularitet dei siste åra, og konseptet er enkelt - ein reiser til ein destinasjon, arbeider derifrå, og i fritida utforskar ein attraksjonane som er tilgjengelige i nærområdet. Er dette ein produktiv måte å arbeide på, lurer du kanskje på?

Workations har vist seg å føre til økt produktivitet, velvære og kreativitet, i tillegg til å redusere risikoen for utbrenthet og stress då dei tilsette får moglegheita til å lade batteria og utforske nye omgjevnader. Med andre ord er det å reise på workation kanskje nøyaktig det bedrifta di burde gjere.

Her er fem grunnar til kvifor akkurat Hardanger er den perfekte workation-destinasjonen:

Lei av å sitte på kontoret dag inn og dag ut? Her er fem grunnar til kvifor Hardanger er den perfekte workation-destinasjonen.

rose

INSPIRERANDE NATUROMGJEVNADER

rose

Anten du arbeider kreativt og finn direkte inspirasjon i vakre naturomgjevnader eller berre vil finne roa er Hardanger staden for deg. Fruktblomstring, fossefall, fjordarmar, fjelltoppar…lista er lang på storslagne natursyn. Konseptet workation er kanskje nytt, men å søke til Hardanger for å hente inspirasjon har vore praktisert i fleire århundre. Det fotogene landskapet og den rike kulturarven har inspirert mange kunstnarar og musikarar gjennom årene, som Adolph Tidemand og Hans Gude, kunstnarane bak måleriet “Brudeferd i Hardanger”.

rose

Ein annan kunstnar som fann inspirasjon i Hardanger var komponisten Edvard Grieg. Han komponerte fleire av dei beste verka sine i diktarståva hjå hotel Ullensvang under fleire av somrane han tilbrakte i Hardanger. Sidan den tid har hotel Ullensvang blitt eit ikonisk samlingsstad for musikkelskarar, kor musikalske hendingar og konsertar blir arrangert, blant anna Hardanger musikkfest.

Dei vakre naturomgjevnadene i Hardanger har også fått kongeleg merksemd gjennom åra. Vår eigne dronning Sonja har blitt veldig glad i Hardanger under dei mange besøka ho har hatt til Lofthus og hotel Ullensvang. Ho er spesielt glad i å gå i dei panoramiske fjella i regionen, og hennar favoritttur har faktisk blitt kalla opp etter ho, nemleg Dronningstien.

rose

I likheit med dei besøkande i Hardanger finn dei lokale også inspirasjon i omgjevnadene dei lev i. Olav H. Hauge, ein lokal diktar kjend for dikta sine om naturen og livet, fann mykje inspirasjon i Ulvik der han vaks opp. Hauge blei raskt ein viktig mann innan den norske skriftspråksvarianten nynorsk. På Haugesenteret i Ulvik kan besøkande dykke inn i hans kreative hovud.

Haugesenteret WEB4
Haugesenteret WEB3
Haugesenteret WEB2
Haugesenteret WEB
Haugesenteret WEB6
Haugesenteret WEB5
rose

TEAMS-MØTE KLOKKA 10, BREVANDRING KLOKKA 14?


Fordi naturen er så lett tilgjengelig i Hardanger er avstanden frå arbeidspulten til fjella kort, og Hardanger tilbyr eit bredt spekter av opplevingar. Anten du er gira på adrenalinrush i Via Ferrata, ribbåtur på fjorden eller meditativ kajakkpadling står guidefirmaer som Trolltunga Active, Trolltunga Adventures, Hardangerfjord Adventure og Folgefonni breførarlag klare for å gjere opphaldet ditt minneverdig. Opplev Trolltunga i solnedgang, gå topptur på ski med 360-graders fjordutsikt eller få eit glimt av dyrelivet som fins langs Hardangerfjorden på ribtur. Om vinteren og tidleg vår er Røldal skisenter, som ligg i eit av Europa's mest snørike område, staden å vera for alle som elskar pudderkøyring. Frå tidleg sommar og til hausten er det mogleg å utforske isbreen Folgefonna på nært hald saman med Folgefonni breførarlag og Hardanger breføring, medan Hardangerfjorden byr på ei rekke aktivitetar året rundt, inkludert ribbåturar, kajakkpadling og bading. Aktivitetar som dette kan vera perfekte for samhaldet i firmaet og fungere som eit fint avbrekk i arbeidsdagen.

rose

OVERNATTING OG AVSLAPNING I VERDSKLASSE

Den vakre fjord- og fjellutsikta frå hotellvindauga er nok til å ta pusten frå dei fleste av oss. Hoteller som hotel Ullensvang, Vøringfoss hotell og Hardangerfjord hotell har seter på fyrste rad til fjordshowet. Hotella har også møte- og konferansefasiliteter med moderne teknologi som gjer det å arbeide frå Hardanger enklare enn nokon gong. Frå hotel Ullensvang er distansane korte til populære turar som Trolltunga, Dronningstien og Husedalen. Frå Vøringfoss hotel er det kort veg til Kjeåsen fjellgard, Vøringsfossen og Hardangervidda nasjonalpark.

Dersom du verkeleg ynskjer å bu i historiebøkene er 300 år gamle Utne hotel staden å bu. Når du trår over dørkarmen på dette hotellet er det lett å forstå at det ligg mykje historie mellom veggane.

Woodnest 1398 p 1080
rose

Dersom du er ute etter ein meir kome-i-eitt-med-naturen-oppleving er ei tretopphytte perfekt for deg. Du har kanskje sett den i sosiale medier, den store kongla i fjellsida over fjordbyen Odda. Woodnest er ei fin blanding av luksus og villmark. Hardanger Panorama Lodge i Ulvik er ein annan tretoppdiamant, og med tur- og skiløyper rett utanfor døra er det lett å ta aktive pausar frå arbeidet. Hardanger fjordtun har koselege trehytter med fjordutsikt, og med ekorn og fuglar som dukkar opp rundt kvart eit hjørne vil du garantert føle at du er i eitt med naturen.

Å puste inn den friske fjordlufta i Hardanger er roande i seg sjølv, men dersom det ikkje er nok for å senke kvilepulsen er det fleire andre måtar å gjere det på. Kople ut med eit besøk hjå Heit Sørfjorden sauna, slapp av i basseng- og velværeområdet til hotel Ullensvang eller svøm nokre rundar i Hardangerbadet. Dersom du verkeleg vil finne djup avslapning kan ein deilig spabehandling på Vøringfoss hotel vera akkurat det du trenger.

Voringfosshotell Spa WEB
rose

EIT SKATTEKAMMER AV KULTURARV

Me har allereie nevnt den dyktige Olav H. Hauge og diktinga hans, men kulturarven i Hardanger stoppar ikkje her. Ein annan lokalmann som har latt seg inspirere av Hardanger er Ingebrigt Vik, ein moderner kunstnar og skulptør. Han inspirerte mange med sine modige og moderne kunstverk og har vore mentor for fleire gjennom åra. I dag lev han vidare gjennom Ingebrigt Vik museum i Øystese, som er ein del av Kabuso kunstmuseum. Her kan ein sjå eit utval av Vik sitt arbeid saman med moderne kunst frå både norske og internasjonale kunstnarar. Dette inkluderer kunstinstallasjonen Hardanger Skyspace, som endrar farge i takt med at været og lysforholda endrar seg på utsida. Galleri G Guddal er eit anna moderne kunstgalleri. Her har Gøril Guddal opna eit sjarmerande galleri på gardstunet oppi dalen i Rosendal kor både etablerte kunstnarar og nykommarar får vise fram verka sine. Begge galleria arrangerer hendingar som kurs, kunstnarbesøk, filmframsyningar, konsertar og guida omvisningar.

rose

Den gamle vasskraftstasjonen i Tyssedal er ein stor del av Hardanger si kulturarv. Dette var den aller fyrste vasskraftstasjonen i Noreg, og sjølv om den no er nedlagt kan ein ta ei reise gjennom industrihistoria ved å besøke Kraftmuseet som ligg i den gamle kraftstasjonen. Andre viktige medlemmer av Hardanger si kulturarv er Baroniet i Rosendal, Agatunet, Hardanger folkemuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Folgefonnsenteret.

rose

Ein smak av Hardanger


Hardanger er ikkje berre ein fest for auga, men også for smaksløkane! lokalprodusert eplesaft og sider, kjøtt og sjømat er berre nokre av smaksopplevingane som møter deg. Bøndene som bur rundt Hardangerfjorden har dedikert livet sitt til å utvikle den beste frukta og fruktprodukta du kan boltre deg i. Det er nokså unikt å kunne stoppe langs vegen og kjøpe ei krukke med syltetøy eller ei flaske eplesaft som er laga berre 50 meter oppi bakken - det blir ikkje særleg meir kortreist enn det? Fleire av bøndene tilbyr også gardsomvisningar med sidersmaking der ein kan dykke inn i livet til ein bonde i Hardanger. I staden for å invitere inspirerande og suksessfulle mennesker til å ha foredrag på kontoret, kvifor ikkje reise til dei i staden? Frå våren og til hausten køyrer The Fjords rundt på Hardangerfjorden og fraktar deg på fjord- og sidersafariar. I Ulvik kan ein ta beina fatt på frukt- og siderruta og besøke tre av dei dedikerte fruktgardane.

Hardanger husar også ei rekkje restaurantar og kaféar. Frå luksuriøse Buer restaurant, gjennomførte restaurant Glime til siderekspertane på siderhuset Ola K - kvar stad tilbyr ei unik og ekte atmosfære kor lokalproduserte ingrediensar settes saman til dei mest delikate rettar. Den grøné kafe i Ulvik er den perfekte staden for å arbeide og ete gode måltid mellom arbeidsøktene.

Den grone kafe 2 WEB
Voringfoss hotel WEB 2
Voringfoss hotel WEB
Den Grone Kafe WEB
rose

Oppsummert er det ein haug av grunnar til kvifor Hardanger er den perfekte workation-destinasjonen, men dersom du endå ikkje har klart å overbevise deg sjølv eller sjefen om å planlegge ein workation i Hardanger - Her er fem raske fakta for å spikre avtalen:


  1. Å reise til Hardanger i lågsesong er mindre kostbart, og dei mest populære stadene som Trolltunga, Vøringsfossen og Dronningstien er mindre folksomme.
  2. Studier visar at arbeidstakarar som reiser på workations er meir produktive, kreative og tilfredse på arbeidsstaden.
  3. Hardanger har mengder av passande stader med fasiliteter av høg kvalitet, noko som gjer det å arbeide vekke frå kontoret enkelt og gjennomførbart.
  4. Hardanger er ein region kor kontrastane er store - frå majestetiske fossefall og massive fjelltoppar til fruktblomstring og avslappande opplevingar. Med andre ord er potensialet for å bli inspirert stort.
  5. Hardanger husar ei mengd av suksessfulle mennesker, blant anna bønder, hotelldirektørar, felemakarar, kokkar og fjellguidar. Dei har alle unike og inspirerande historiar å fortelje - kanskje det å høyre historia deira vil inspirere deg også?

God Hardanger-workation!

Planlegg din neste workation

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures
Aktiviteter

Trolltunga vinter med Trolltunga Adventures

Opplev Trolltunga om vinteren på ein guida tur med Trolltunga Adventures frå mars til mai!

Trolltunga Sunset/Sunrise
Aktiviteter

Trolltunga Sunset/Sunrise

Trolltunga Active tilbyr ein unik overnattingstur med guide i gjennomsiktig dome med høg komfort - tilgjengeleg året rundt.

Tyssedal Via Ferrata - Trolltunga Active
Aktiviteter

Tyssedal Via Ferrata - Trolltunga Active

Visste du at nesten all straum i Noreg er produsert av vasskraft? Opplev korleis det heile starta på ein guida Via Ferrata-tur med Trolltunga Active i Tyssedal.

Havkajakk på fjorden i Eidfjord – Best Adventures
Aktiviteter

Havkajakk på fjorden i Eidfjord – Best Adventures

Opplev Hardangerfjorden ved å bevega deg stille over vatnet. Best Adventures tar deg med på tur med havkajakk, og det er fleire turopplegg å velje mellom.

Topptur i panoramaparadiset Hardanger
Aktiviteter

Topptur i panoramaparadiset Hardanger

Slåande utsikt til fjell, fonn, fjord og vidder, kombinert med spanande og leiken nedkøyring! Topptur i Hardanger er eit eventyr utan sidestykke.

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring
Aktiviteter

Guida breføring på Buarbreen - Hardanger Breføring

Familievennlig brevandring med guide på Buarbreen i Hardanger. Bli med på ei kjekk oppleving beståande av isbre, fjellformasjonar og Nasjonalparkgården i Odda.

Hardanger Fjordsafari - 60 minutters RIB tur
Aktiviteter

Hardanger Fjordsafari - 60 minutters RIB tur

Hardanger Fjordsafari tilbyr RIB båt turar frå Eidfjord. Her kan du vera med på kortare eller lengre fjord opplevingar der du kjem tett på naturen.

Blåistur Blue Ice Hike -Folgefonni Breførarlag
Aktiviteter

Blåistur Blue Ice Hike -Folgefonni Breførarlag

Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.

Heit Sørfjorden Sauna
Aktiviteter

Heit Sørfjorden Sauna

Heit Sørfjorden Sauna tilbyr ein dampande sauna og eit friskt fjordbad. Nyt utsikta til fjord, fjell og fonn frå den flotte saunen på Børve, 5,7 km sør for Lofthus. Saunaen står plassert heilt ytst på kaikanten m...

Sjå alle

Fleire reisetips