Folk, opplevingar, bygder og kultur - alt dette og mykje meir - er med å gjera Hardanger til Hardanger. Kom tett på og bli kjend med den makelause regionen vår.
Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.
Årets siste utstilling i Kabuso har fått tittelen Handboren og veggfast og har teikning som tema. Verk av Imi Maufe, Per Dybvig, Susanna Kajermo, Xueting Yang, Tord Torpe og Kristen Keegan. Utstillingsopning 7. o...
Det permanente kunstverket Hardanger Skyspace er signert den amerikanske kunstnaren James Turrell . I form av ein åttekanta bygning med opning i taket og sitjeplassar til 18 personar, gir kunstverket ei unik opplevin...
Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til regionen vår.
Velkomen til Hardanger – ei perle berre éin time unna Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland.
Ta kontakt med dei ulike turistkontora i Hardanger-regionen! Dei har stålkontroll og sit på mykje informasjon om dei ulike tilboda i deira område.