Ei symfonisk storhending med Kringkastingsorkestret, Ragnhild Hemsing og Beethovens ikoniske femte symfoni.
Opningstale ved Frode Grytten Lesing ved festivalpoetane Ida Börjel og Torild Wardenær Utdeling av Haugestipendet 2026 Musikk ved Annlaug Børsheim Vaksen kr 200 Student kr 100
Linda Eide kjem tilbake til Guddalstunet 12.september. LIVET ER EIT SPRÅKSJOV – Kva språket har gjort med meg Linda Eide er hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om...
Folk, opplevingar, bygder og kultur - alt dette og mykje meir - er med å gjera Hardanger til Hardanger. Kom tett på og bli kjend med den makelause regionen vår.
Fjord, fjell og fonn. Fossar, hundretusenvis av frukttre og levande bygder. Hardangerfjorden – den tredje lengste i verda – inneheld det beste Noreg har å by på. Med ei rik mat- og kulturhistorie, verdskjende ikon og unike naturopplevingar, er det lett å forstå kvifor Hardanger har vore eit ynda reisemål i fleire hundre år. Regionen, med kommunane Kvam, Eidfjord, Kvinnherad, Ullensvang og Ulvik, er eit eldorado som er vanskeleg å skildra med ord. Du må nesten oppleva det sjølv.
Her finn du informasjon om korleis du kjem deg til regionen vår.
Velkomen til Hardanger – ei perle berre éin time unna Bergen og den internasjonale flyplassen Flesland.
Ta kontakt med dei ulike turistkontora i Hardanger-regionen! Dei har stålkontroll og sit på mykje informasjon om dei ulike tilboda i deira område.